Dans Idrett Brasil

Dans Idrett Brasil gir deg stor variasjon innanfor dans, trening og fantastiske reisemål! Jazz, Contemporary, musikal teater, ballett og Funk-Jazz er ein del av kvardagen.

Du får eigen treningsplan med god oppfølging gjennom skuleåret av læraren din. Sett deg mål som du vil strekke deg etter og, vi vil hjelpe deg med god oppfølging året rundt! 

Slik er det på Dans Idrett Brasil

Vi har treningshus med 2 store dansesalar, spinningsal ogtopp moderne treningstudio på skulen. Du kan melde deg opp i ballett eksamen som du kan ta på slutten av året. Skulen satsar stort på fullskala musikal-forestillingar kvart år, som har høg kvalitet over seg. Skulen har også ein oppvarma sandhall med god sommarvarme året rundt. Det blir studietur til London, Rio de Janeiro og Sri Lanka! 

 

  • Studietur til Brasil, Rio de Janeiro og England, London. Frivillig felles skuletur til Sri Lanka 
  • Faste dansetimar innanfor Jazz, musikaldans, ballett, Jazz-Funk, Contemporary 
  • 2 store dansesalar med speil, ballett-barrer, godt musikkanlegg og kvalitetsgolv 
  • Danseworkshop i inn- og utland
  • Fullskala musikalforestilling 
  • Du kan ta eksamen i ballett  på Danseverkstedet
  • Trening i oppvarma sandhall året rundt 
  • Nytt treningssenter på skulen
  • Eigen spinningsal 
  • Tilrettelagt treningsplan og oppfølging året rundt

Studieturar

Vi reiser på studietur til England, London og Brasil, Rio de Janeiro. I London ser vi kjente musikalar og danseforestillingar, og vi får privat danseworkshop av dansarar frå West End shows. Du tar også klasser ved dansestudio i London. Turen til Rio de Janeiro er den lengste linjeturen. Her reiser vi saman med fleire andre linjer frå skulen, noko som gjer turen ekstra sosial og kjekk. Private danseklasser i hiphop og samba, og daglege treningsøkter på Copacabana blir ein del av kvardagen. I tillegg reiser vi på dagsturar i Rio de Janeiro for å oppleve det denne fantastiske byen og det landet har å tilby! I februar reiser vi påstudietur til Sri Lanka samtidig med dei andre linjene. Visste du at Sri Lanka er kåra til årets reisemål i 2019 av Lonely Planet?

Les meir om Sri Lanka-turen her! Sri Lanka-turen er frivillig.

Muskal og danseforestilling

Skulen produserer fullskala musikalar og forestillingar som framstår som gjennomførte og profesjonelle. Grease, Hairspray, FAME, Hakkebakkeskogen og High School musikal er forestillingar skulen har produsert. Her får du alle tiders mulighet til å oppleve korleis det er å produsere slike forestillingar frå start til slutt. Regi, koreografi, scenografi, musikk, kostyme, sminke og alt det som høyre med i ein slik produksjon får du være ein del av.  
Linja har også eigen forestilling for skulen der vi viser fram dansar og koreografiar som vi jobbar med gjennom året. I tillegg til andre ulike prosjekt og stunt gjennom heile året.

Her er fleire bilete frå forstillingar vi har hatt

Berør for å opne bildekarusell:

Vi har hatt fleire instruktørar innom skulen for å ha workshops i ulike dansestilar. Ein som kjem ofte, er Liam Pentland. Liam kjem frå Manchester i England og er utdanna profesjonell dansar. Han underviser commercial dance/street dance/HipHop. Han har brei erfaring som dansar, danseinstruktør og koreograf. Liam vil garantert gi deg heilt nye impulsar og du vil lære nye teknikkar og dansestilar. Svært dyktig! 

I Brasil er det Carol Villenova som har workshop i samba for klassen. Ho er profesjonell sambadansar og svært dyktig dansar og pedagog. Her kan du sjå film av Carol som dansar samba saman med sin partner Rodrigo Marques.

Dansehuset og andre fasilitetar

På Sunnfjord Folkehøgskule har vi eit eige dansehus. Her er det to lyse og flotte dansesalar med kvalitetsgolv for dans, lydanlegg og lange speilveggar.

Skulen har investert i eit moderne treningsstudio som ligger rett under dansesalane. Det står også 16 nye spinningsyklar klare til bruk, ein gymsal, musikkrom og badstue.

Skulen har også sandhall med 2 beach volley-baner og ein 12 meter høg klatrevegg. Så her har kan du velje og vrake i forskjellige aktivitetar døgnet rundt! 

Vi kan også bruke Hafstadparken, eit nytt utandørsanlegg med mange idrettsbaner og ulike aktivitetstilbod.

Dansemiljøet i Førde

I tillegg til alle dansetimane du får på linja, har du også muligheit for å ta danseklasser ved den lokale danseskulen Danseverkstedet, GRATIS! Dei underviser i ballett, Jazz, moderne, contemporary, Hip Hop og musikaldans. Det er også muligheit for å melde seg opp til eksamen i Ballett og følgje denne klassen gjennom året!

Spør Mia!

Her er Mia, som er fra Leirsund i Akershus og går på Dans Idrett Brasil-linja.

– Året mitt på Sunnfjord Folkehøgskule har vært utrolig bra hittil og jeg har det kjempefint! Miljøet på skolen er noe jeg absolutt liker. Jeg har fått mange gode venner, som jeg tror kommer til å vare livet ut. Jeg er veldig glad for at jeg valgte Dans-idrett-Brasil. Undervisningen er veldig variert og vi lærer alltid noe nytt. Angrer verken på skolen eller linjen jeg valgte!

Mia svarer gjerne på spørsmål om Dans Idrett Brasil eller skolen ellers. Dersom du vil stille henne spørsmål, så bruk gjerne sms på 46859638, messenger eller epost.

Prisar på linjene

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Er du og linja ein match?

Alle kan søke denne linja.

Om du har mykje eller lite erfaring med dans/trening betyr ingen ting. Vi tilpassar nivået etter deg og klassen. Du får den utfordringa du treng for å utvikle deg innanfor fleire dansestilar/trening.

Det som er viktig er, at du er motivert for å lære, utforske og presse deg sjølv utanfor komfortsona, og dermed vil du sjå ei positiv og god utvikling gjennom året på Dans-Idrett-Brasil. Du vil ta med deg gode opplevingar vidare i livet, og godt mulig at du lærer å kjenne deg sjølv endå betre. Vi sjåast! 

Berør for å opne bildekarusell:

Fakta om linja

  • Jazz/Contemporary
  • Street Dance, HipHop
  • Musikal forestilling
  • Samba
  • Danse forestilling
  • Koreografiarbeid
  • Idrett
  • Treningssenter på skulen
  • Rafting, Surfing
  • Klatring
  • Anatomi, fysiologi og ernæring

Linjelærar

Anders Alvaro Nydal

Anders Alvaro Nydal

Anders er utdanna ved The Hammond School of Dance and Musikal Theater, i Chester England. Han har vore med på fleire operaforestillingar ved Opera Nordfjord og fleire musikalprosjekt som dansar og koreograf. Etter fleire år som freelancedansar, koreograf og danselærar ved fleire kulturskular og dansestudio, starta Nydal eit samarbeid og stifta i 2011 (til 2013) Nordfjord Performing Arts Academy på Nordfjordeid. Dette var eit danseakademi for born frå 4 år til og med vaksne. Anders har også vore aktiv innan mange ulike idrettar som fotball, handball og friidrett. Anders har hatt koreografi på musikalen Grease ved Sunnfjord Folkehøgskulen. Han har også Regissert og koreografert musikalene High School musical og FAME the musical.

+47 95 36 33 48
andersalvaro@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.