Foto Video Animasjon

Tenk deg ei verd full av fargar, menneske og opplevingar. Tenk deg at nettopp du skal få sjå alle desse fargane, snakke med menneska og oppleve heilt nye ting.

Vi tilbyr deg å utforske verda med kamera på ein måte du kanskje aldri seinare i livet vil få sjansen til. Vi reiser til New York, Dubai og Sri Lanka. og vi oppsøker den ville og vakre naturen på Vestlandet.

Gjennom eit år på denne linja lærer du å bli ein betre fotograf, du lærer deg sjølv å kjenne og ikkje minst, du får venner for livet med dei same interessene som deg.

Vi skal fly drone, vi skal framkalle våre eigne bilete, vi skal syne fram det vi lagar og vi skal jobbe saman for å forstå verda betre.

Du får høve til å dokumentere, vere kreativ, vise kjensler gjennom video og bilete. Du vil sitje att med ein brei kunnskap om det å vere fotograf, men ikkje minst om det å vere eit menneske i ei stor verd.

Vi har kamera, mørkerom, droner, fotostudio, printerar og lærarar med lang erfaring og mykje kunnskap. Du har lyst til å lære og bli ein del av vårt gode fellesskap på ein skule med lange tradisjonar.

New York, Dubai og Sri Lanka som reisemål

Les meir om den spennande reisa til Sri Lanka og Dubai her og New York her. Begge reisene ligg inne i linjeopplegget. Det kan bli historier av det!

På Sri Lanka-delen av reisa vil du få vere saman med resten av elevane på skulen som er på fellestur til Sri Lanka.

Ta ansvar

Elevar på Foto Video Animasjon reiser til stadar som dei færraste får sjansen til. Vi møter menneske som lever liv som er totalt forskjellige frå våre eigne. Vi får lære om korleis ei skeivfordeling av ressursane i verda skaper fattigdom. Vi skal også arbeide med tema som miljø og klima – både lokalt og globalt.

Opplev Vestlandsnaturen

Du vil få vere med ut i vår fantastiske natur som turistar frå alle land kjem for å oppleve. Du vil få kjenne fellesskapet rundt leirbålet og vakne til naturen sine eigne lydar gjennom teltduken.

Vi reiser på dagsturar og litt lengre turar på Vestlandet, og oppsøker stadar med flott natur og unikt miljø. Blant anna reiser vi til fugleøya Runde på vårsemesteret, og til Stad ytst på kysten. Andre turmål i Norge vil elevane på linja også få vere med og bestemme.

Tilgjengeleg utstyr

Fotoelevar hos oss disponerer eit godt utstyrt studio, og storformatskrivarar for digital bildeframkalling. Vi har også eit mørkerom for analog svart-kvitt-produksjon. Alt utstyret er tilgjengelig i heile skulen si opningstid.

OBS: Du får Adobe programvarepakke til bruk i 12 månader, verdi kr 3.500,-

Vidare som fotograf?

Vi ønsker at våre elevar i løpet av skuleåret skal utvikle seg tilstrekkeleg som fotografar at ein kan søke vidare på fotostudier på høgskulenivå. Vi tilbyr rettleiing og porteføljeutvikling for dei elevane som ønsker å søke seg inn på andre fotoutdanningar.

Person med kamera i bil

Engasjerte elevar

På Sunnfjord Folkehøgskule trur vi at flinke fotografar også er engasjerte fotografar.

Vi trur at ein gjennom gode visuelle historier kan vere med å fortelje viktige historier om verda vi lever i – store og små historier som er på å forme vår oppfatning av livet rundt oss. Det er mykje kraft i eit godt fotografi og i gode fotohistorier. Denne krafta ønsker vi å bruke til å forandre verda rundt oss!

Daniel svarar gjerne på spørsmål

– Eg er 21 år og kjem frå Ski i Akershus.  Eg har fagbrev som dataelektroniker. Min motivasjon til å gå på denne skulen er for å utvikle meg både sosialt og fagleg. Eg ønsker å få nye venner og ha det gøy, samtidig som jeg får eit fagleg innhald som eg trur eg kan få god nytte av seinare i livet.

Daniel kan du stille spørsmål viss du har lyst. Av og til er det greiare å snakke med ein elev enn lærarane. han er på mobil +47 95852107, Facebook og på e-post tools@thauland.net.

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

  • Bruk av kamera
  • Photshop bildebehandling
  • Digital printing
  • Analogt foto i mørkerom
  • Utstilling
  • Lage fotobok
  • Reising
  • Portrettfoto
  • Reportasje
  • Natur og landskap
  • Kunstfoto
  • Fotohistorie
  • Globale tema, bistand
  • Dronefotografering

Fakta om linja

  • Dokumentarfoto
  • Globalt fokus
  • Digitalt og analogt mørkerom
  • Bildekommunikasjon
  • Kamerateknikk
  • Reiser til New York, Dubai og Sri Lanka
  • Studio og storformatprint
  • Dronefoto

Linjelærar

Arve Ullebø

Arve Ullebø

Arve Ullebø er lærar på Foto Video Animasjon. Han er yrkesfotograf og har 20 års erfaring med faget han elskar. Han har gitt ut fleire fotobøker, hatt mange utstillingar og blir stadig leigd inn som fotograf til alt frå bryllup til reportasjar i media. Arve har brei erfaring både med digital og analog fotografering. Både reportasje og studio. Han er dyktig i filmframkalling og mørkerom, han meistrar digital bildebehandling, og han er ein dyktig filmredigerar. Han er spesielt glad i å vere ute i naturen. Han er sertifisert dronepilotog vil bruke drone i undervisninga for å lære opp elevane i denne spennande måten å ta film og stillbilete.

+47 90478764
arve@sunnfjord.fhs.no
www.ullebo.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.