Kampsport

Mest fokus på jujutsu, judo, kali og karate. Vekt på å utvikle mental tilstand og fysisk meistring. Studietur til Brasil og Sri Lanka.

Du lærer sjølvforsvar, handtere kniv og sverd, fallteknikk, kast, slag, spark & bryting. I tillegg til kondisjon, styrke, smidighet, balanse, koordinasjon & mental trening. Erfaren instruktør.

Tilgang til nytt treningssenter på skulen, for styrke og kondisjonstrening. Her trener du når du vil, i tillegg til det som er lagt inn i undervisninga.

Det vil også bli lagt vekt på kosthald og ernæring og allsidig idrett. Du vil få vere med på å bruke den fantastiske naturen vi har rundt oss, og du vil bli inspirert av å vere saman med ungdommar som driv andre idrettar enn deg sjølv.

Vi har Norges finaste sandhall med oppvarma sand til bruk heile året. Perfekt til alternative treningsformer og til sandidrettar. Der er det også ein 12 meters klatrevegg, og du vil få tilbod om å ta brattkort.

Studieturane

Kampsportlinja reiser til Rio de Janeiro i Brasil, turen kan du lese om her. I tillegg reiser alle elevane på ein fellestur til Sri Lanka, som er kåra til verdas beste reisemål for 2019! Turen er frivillig og ikkje inkludert i linjeprisen.

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • jujutsu
  • judo
  • kali
  • karate
  • sjølvforsvar
  • fallteknikk
  • kast
  • slag, spark og bryting
  • kondisjon
  • styrke
  • smidighet
  • balanse
  • koordinasjon
  • mental trening

Linjelærar

Janne Gravdal

Janne Gravdal

Janne er født i Sør-Korea, men adoptert til Norge ved 1,5 års alderen.
Ho har familie på 4 barn og har svennebrev i konditorfaget. Ho ar jobba på skulen i mange år, og lever eit aktivt liv med kampsport, løping, spinning, styrketrening, dans, svømming, innebandy, og instruktør for Friskis&Svettis
har gjort henne opptatt av trening og kosthold.
Kampsporten starta ho med som 12-åring.
Først ute var judo, som består av fallteknikk, kast, fellnger, bakketeknikker og kvelinger.Deretter gikk nysgjerrigheten over til slag og spark, og en periode med Shotokan karate.Så vart det oppdaga at Jujitsu lot kombinere alt dette, i tillegg til fellinger, låsing og uskadeliggjering. Det er i denne sporten Janne har mest erfaring. Den siste ute er Kali, som skiller seg litt ut frå dei andre, med å inneholde kniv og sverd.

+47 48149728
janne@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.