Sport Adventure Australia Sri Lanka

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur. Linjeturen går til Australia og vi avsluttar reisa på Sri Lanka ilag med resten av skulen. Alt dette skal du gjere saman med ungdom på din eigen alder. Den fellesskapsfølelsen og dei vennskapsbanda eit år på Sport Adventure gir, er noko du kjem til å ha med deg vidare i livet.

Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball. I november skal vi delta på skulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volleyballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.

Her kan du kikke på filmar frå linja:

Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.

I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør. Noko du kjem til å nytte godt av når du også skal surfe på vår tur til Australia.

Du skal få oppleve Værlandet, ei øy som ligg omtrent så langt vest som det er mulig å komme. Der skal du få oppleve naturen i tillegg til at du skal få ta ein prat med nokre veldig trivelige villsauer. Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål, og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat, plukke litt bær og sopp.

Dei fleste av idrettane du skal gjennom

  • fotball
  • basketball
  • sirkeltrening
  • pil og bogeskyting
  • volleyball
  • orientering
  • spinning
  • badminton
  • frisbeegolf
  • langrenn
  • topptur
  • kampsport
  • beachvolleyball
  • landhockey
  • styrketrening
  • sykling
  • klatring

Vårsemester

Det er gode forhold for vinteridrettar i området rundt Sunnfjord folkehøgskule. Vi skal ha eit langrennskurs og gå i dei flotte skiløypene ved Langeland skisenter. Det er flotte muligheiter for skiturar og toppturar. Om du har toppturutstyr så er det veldig bra, men ikkje noko du må ha for å gå denne linja. Det er uansett veldig gode forhold for topptur på ski i området, så om du har skiutstyr så ta det med. Resten av skuleåret fortsetter vi med diverse ballidrettar både i gymsalen og i sandhallen, trener i treningsstudio og spinningsal. Felles vårtur for heile skulen er noko av det siste vi gjer ilag før det er skuleavslutning i mai.

Australia og Sri Lanka

I februar reiser vi til Australia og Sri Lanka. På denne turen skal du vere ryggsekkturist og reise innom mange spennande plassar. Vi skal besøke Brisbane, Gold Coast, Byron Bay, Blue Mountains og Sydney. I Australia skal du prøve stand-up paddle, snorkle og sjå det fantastiske livet under havoverflata, kajakktur med delfiner, surfe, grottetur i Jenolan caves, fjelltur i Blue mountains, besøke forskjellige strender og mykje meir. På turen blir det også tid til å velge aktivitetar du sjølv har lyst å prøve som for eksempel fallskjermhopping. Dette er sjølvsagt valfritt.

På siste del av reisa er vi på Sri Lanka ilag med resten av skulen. Der skal vi oppleve mykje og sjå mange spennande plassar ilag med dei andre linjene på skulen.

Les meir om Australia- og Sri Lanka-turen her >

Fasilitetar

Skulen har eigen gymsal. I Sunnfjordhallen har vi eigen sandhall der det er to sandvolleyballbaner, ei sandfotballbane og klatrevegg på 12 meter. Sandhallen er oppvarma for heilårsbruk.

I 2018 fekk vi nytt og fint treningsstudio i ypperleg kvalitet. Til bruk både i undervisninga og i fritida.

I Hafstadparken fins det to fotballbaner, fleire sandvolleyballbaner, ballbinge, skatepark og sykkelløype. I tillegg har vi det beste klasserommet i heile verda, naturen i Sogn og Fjordane.

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Trening
  • Friluftsliv
  • Eventyr
  • Ballidrett
  • Styrketrening
  • Australia og Sri Lanka
  • Opplevingar

Linjelærar

Are Gunnar Korsvoll

Are Gunnar Korsvoll

Are Gunnar Korsvoll er linjelærar på Sport Adventure Australia Sri Lanka. Han har tidlegare hatt fotball-linje på skulen, men har dei siste åra hatt Sport Adventure linja. Are Gunnar har ei brei interesse for både idrett og friluftsliv. Han har mange år bak seg som aktiv fotballspelar, men har også spelt volleyball, drive med friidrett og triatlon. Gjennom erfaring og interesse for friluftsliv har han skaffa seg kunnskap om dette også. Are Gunnar gjekk på lærarhøgskulen i Tromsø, han har historie grunnfag frå universitetet i samme by. I tillegg har han idrett mellomfag frå idrettshøgskulen i Sogndal.

+47 99 29 70 78
aregunnar@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.