Surfing Beachsport

Dette kan vi love er unikt. Du skal surfe på vakre stader i Norge, Portugal, Brasil og Sri Lanka. I tillegg til å trene ulike sandidrettar i den einaste sandhallen i Sogn og Fjordane, der er det også klatrevegg.

Studiereiser til Brasil, Sri Lanka og Portugal

Vår brasilianske lærar tek med dei beste sandidrettane til den einaste sandhallen i Sogn og Fjordane i tillegg til surfing og beachsport i Norge, Sri Lanka, Brasil og Portugal. Ein spennande og utruleg fin måte å bli Verdensmeister i eige liv på.

Gjennom våre aktivitetar og turar skal vi utvikle våre sosiale ferdigheiter. Vi skal vere i eit miljø basert på felleskap, respekt, samhald og engasjement. Vi skal utvikle fysiske og tekniske eigenskapar gjennom ulike sandidrettar og -aktiviteter med meistring som mål. I løpet av året lærer vi om miljø, strand, havet, bølgjer og livredning, å vere med på fridykking, surfing og Stand up paddeling.

Hovedmålet med turane er å gjere oss bevisste, å forstå og bli kjent med andre sin kultur og historie, å sjå verda frå eit nytt perspektiv. Vi skal også oppleve kor viktig havet er for jorda og korleis vi kan utgjere ein forskjell. Som for eksempel å ta bilde og lage video av naturen og søppel i naturen, og sjølvsagt vere med å plukke den.

Ta ein kikk på filmane om linja!

Sunnfjord Beach Center

Vi har sandhall med oppvarma sand, strandstolar, parasollar, stranddusj, musikkanlegg, hengekøyer og 7×26 m foto med strandmotiv. Dessutan er dette kanskje einaste sandhallen i verda med ein 12 meter høg klatrevegg?

Her blir det blir treningssamlingar og turneringar.

Sunnfjord Beach Center

På skulen har vi også eit nytt treningstudio. I tillegg til eit frivektsrom med syklar og tredemøller, er det også 16 spinningsykler.

I beachvolleyball-perioden samarbeider vi med Volleyball-linja. Sunnfjord Beach Center

Idrettar og aktivitetar

I løpet av skuleåret får du utfordre deg på mange ulike idrettar og aktivitetar, som Beach Volleyball, Beach Tennis, Footvolley, sandfotball, yoga, svømming, klatring, styrke- og funksjonelltrening, surfing, Stand-up Paddeling, fridykking og Scuba Diving.

Du får tilbod om kurs

Det er ekstra kostnad dersom du vil ha desse kursa:

  • Fridykking
  • Scuba Diving
  • Brattkort, klatring

Hovudidrettar

  • Beach tennis
  • Beachvolleyball
  • Footvolley
  • Beach Soccer
  • Klatring

Hoddevik og Ervik, Selje Kommune

Det blir turar til Hoddevik og Ervik i Selje Kommune for å surfe, stand up padle, fiske, ta bilder, lage videoar og plukke plast i løpet av skuleåret. På Stadhalvøya finn du ideelle forhold for surfing. Store bølgjer kjem inn frå Norskehavet, kvite sandstrender og bratte klipper som skaper perfekte rammer for surfeoppleving året rundt!

Les her kva Visit Norway skriv om å surfe på Stadlandet >

Karoline anbefaler Beach Sport. Ta kontakt!

Dette er Karoline, som går på linja Beach Sport. Ho er frå Drøbak, har gått idrettslinja på vidaregåande, og har dette å seie om sitt folkehøgskuleår:

Eg anbefaler virkeleg skulen (og linja) til dei som har lyst på eit år der dei kan ha det gøy, bli kjent med nye menneske, prøve nye idrettar og ha eit annleis år fylt av opplevingar og vennskap.

Dersom du har spørsmål, så synes eg det er fint om du tek kontakt! Send gjerne ein sms til meg, ein messenger eller epost! Det er av og til litt greitt å snakke med ein elev, ikkje sant? Les meir om Karoline her >

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Andre Beach Sport-aktivitetar i utlandet

I Brasil og Portugal testar vi også ut Body Board, dykking, snorkling, surfing og stand up paddling.

Daniel Lira – brasiliansk trenar

Daniel Lira er født og oppvaksen i Rio de Janeiro. Les meir om Daniel annan stad på sida.

Våre verdier

Beach Sport linja legg vekt på eit miljø der felleskap, respekt, samhold og engasjement står sentralt.

Fakta om linja

  • Surfing Beach Sport
  • Varm sandhall
  • Surfing
  • Brasil
  • Portugal
  • Sandvolleyball
  • Klatring
  • Hoddevik
  • Sri Lanka

Linjelærar

Daniel Lira

Daniel Lira

Han er fødd og oppvaksen i Rio de Janeiro på Copacabana og har ei sterk dragning mot sjø, strand og sandidrettar. Han er utdanna militær sanitetsoffiser og har idrettsutdanning både frå Brasil og Norge. Ferdig utdanna frå NIH, i Oslo, i 2014. Han er gira på alle slags nye sandidrettar og aktivitetar. Elskar å fiske og å dykke - helst sammen med ein hai...

Lira starta samarbeidet med Sunnfjord Folkehøgskule i Rio de Janeiro i 2007 og har vore tilsett ved Sunnfjord Folkehøgskule sidan 2014. Han likar å teste ut nye sandaktivitetar, og han gjennomførte første treningsleir i Beach Tennis og Beach Tchoukball i Norge. Som prosjektleiar for Sunnfjordhallen er hans mål å introdusere nye sandaktivitetar i Norge og gje folk nye og spennande opplevingar. Blant sine erfaringar har han jobba som landslagstrenar i sandvolleyball i Norge.

Sine største merittar som trenar er en 9.plass på European Universities Beach Volleyball Championship, Portugal. 1. og 2. plass i Norge på begge kvinner og menn. 1. plass i Sør-Korea, (exhibition-turnering), 2. plass i EM, Kypros, og 3. plass i EM, Romania. I tillegg har Daniel jobba i Rio de Janeiro som sandvolleyball assistent-trenar og hovedtrenar og som footvolleytrenar. Utdanning: Yngre ledere i idretten, Norges Idrettshøgskole og Norges Idrettsforbund; Bachelor i idrettsvitenskap med spesialisering i Coaching, trening og idrettspsykologi; PADI Advanced Diver; PADI Open Water Diver; Kurs i sandvolleyballtrenar nivå I, Brasiliansk Volleyballforbund.

+47 97 07 52 95
daniel@sunnfjord.fhs.no
Sunnfjordhallen

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.