Topptur Klatring Fjellsport

Vi skal på mange turar. Toppturar på ski og til fots, overnattingsturar i fjellet med teltet på ryggen og i hytter, gå turar på bre og klatre både inne og ute i fjellet. Studietur til New Zealand og Sri Lanka.

Her får du vere ute til alle årstider, lære korleis ein kan vere trygg opp og ned vakre, kvite, snødekte fjellsider og vere trygg på breen med sele og tau. Vi skal på mange turar.

  • Toppturar på ski og til fots.
  • Overnattingsturar i fjellet
  • Sove i telt og hytter
  • Gå turar på bre
  • Klatre både innandørs og ute i fjellet
  • Vere på tur i all slags ver, haust, vinter og vår

Størst variasjon på kortast avstand

I Sunnfjord kan vi vere på tur fleire dagar i strekk utan å sjå sivilisasjon. Vi kan gå opp urørte fjellsider og køyre førstespor ned igjen. I aust finn vi breane som skaper eit kaldt og snørikt klima, i vest har vi havet og nokre av dei finaste klatrefjella i Norge. På enkelte toppar kan du sjå både bre og hav på samme tid, Sunnfjord gir eit mangfald du ikkje finn nokon annan plass innanfor så kort avstand!

Filmen nedanfor viser noko av det vi likar best med Sunnfjord:

Studieturane

I februar skal besøke eventyrlege New Zealand og oppleve kontrastane på Sri Lanka.

I februar dreg vi på studietur til eventyret New Zealand, saman med Topptur-linja. Vi dreg jorda rundt for å utforske eit av verdas mest spanande reisemål.Les meir om New Zealand-reisa her. 

Saman skal vi oppdage den spanande og varierte naturen på nordøya, og å få innblikk i historien til landet New Zealand og kulturen til Maori-folket, kom opprinneleg frå andre øysamfunn i Polynesia, og befolka New Zealand på 1200-talet.

Vi dreg så vidare til Sri Lanka, som du kan lese meir om her. På Sri Lanka møter vi resten av skulen. Saman skal vi på eventyr. Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk. Og vi finn ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School.

New Zealand og Sri Lanka, ei oppleving for livet!

Studieturane er inkludert i linjeprisen.

PS: Når våren kjem skal vi gå den fantastiske Sunnfjordruta, ein fleirdagerstur frå hytte til hytte med ski i indrefileen av tureldoradoet Sunnfjord!

Pris

Besøk linjesida vår på  www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Toppturar
  • Ski
  • Telt og hytter
  • Bre
  • Klatring
  • Fjord

Linjelærar

Øyvind Holsen Foss

Øyvind Holsen Foss

Øyvind er fødd i ein djup dal kalla Holsen. Foreldra tok han med opp på desse fjella allereie som 3 åring, og dermed var interessa for fjell og friluftsliv i full gang. Dei siste årar har han stortsett henge i tau og gjort reperasjonar på høge bygg i Oslo som tilkomsteknikar eller guida folk til fjells. Sommarstid likar han best å springe rundt på fjelltoppane eller klatre bratte fjellsider. Vinterstid står han aller helst på snowboard, men finn fram skia i ny og ne. Øyvind er utdanna bilmekanikar og tidlegare roughneck på oljeplatform.

+47 93888506
holsenoyvind@gmail.com

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.