Villmarksliv Fridykking Padling

Dette er linja for deg som vil drive villmarksliv, fridykking, padle havkajakk, fiske, stå på ski, gå fjellturar, padle kano, temme villsau, utøve bærekraftig friluftsliv. Det beste: du får indrefileten av ytre Sunnfjord som klasserom.

Naturen i Sunnfjord kan måle seg med den finaste vi har i landet. Vi skal utforske den ytre Sunnfjordnaturen gjennom turar i skog, fjell, ved vatn, padle havkajakk, fridykke, padle kano, gå skiturar, sove ute under stjernene, i snøhole og i telt og gapahuk. Vi skal nyte villmarkslivets gleder, fiske, hauste, finne idylliske leirplassar og søke roen rundt tyribålet. Vi gir også tilbake til naturen gjennom å drive eit bærekraftig friluftsliv med mål om sporlaus ferdsel og vi plukkar søppel for å gjere naturen reinare. Vi dreg på eventyr til Femundsmarka, New Zealand og Sri Lanka.

Her er ein smakebit på noko av det du har i vente

Filmane er laga av Birger Helle Fatland. Bla for å sjå fleire.

  • Litt av det vi driv med på linja

  • Villsauveke i Sørværet naturreservat

  • Fridykking ved Gryta i Førdefjorden

  • Overnattingsturar

  • Kanopadling og fridykking

  • Turar med havkajakk

  • Turar med havkajakk

  • Fridykking ved Prata i Florø

Filmane er laga av Birger Helle Fatland.

Litt av det vi driv med på linja

Villsauveke i Sørværet naturreservat

Fridykking ved Gryta i Førdefjorden

Overnattingsturar

Kanopadling og fridykking

Turar med havkajakk

Fridykking ved Prata i Florø

Du vil neppe gå glipp av dette

Villmarksliv

Det å vandre inn i urørt natur er noko spesielt, som å gå inn i ei anna verd. Det er det vi skal, oppdage og utforske, være eventyrarar i naturen, og nyte øyeblikka. Du får lære om naturen som spisskammers, hauste bær og sopp, fiske aure, og bruke det naturen gir i mat vi lagar på tur. Vi skal lære å planlegge kortare og lengre turar for barmark og vinter, ta gode ruteval, bruke kart og kompass, finne dei gode leirplassane, fyre tyribål, lære om ernæring og mat på bål. Vi skal vandre med storsekk til fots og på ski, sove under stjernene, i telt, i gapahuk, under kanoar, i snøhole og snøkuppel. Vi skal leve villmarkslivet, og nyte dei gode naturopplevingane og være der når årstidene skiftar.

Padling

Du får lære å padle havkajakk og meistre ulike værforhold på sikkert vis. Vi skal bruke havkajakkane til å utforske den flotte Sunnfjordkysten. Frå kajakksetet kjem du tett på naturen og glir i eitt med bølgene. Du lærer å planlegge padleturar og risikovurdering og håndtering av ulike værforhold.

Du vil lære kanopadling og vi brukar kanoane til å oppdage idylliske fjellvatn, fiske, finne gode leirplassar der vi skal overnatte ute rundt leirbålet. Du lærer kunsten å padle kano slik kanoen er meint å padlast, slik indianarane gjorde det, og framleis gjer det. Som med havkajakk vil du lære planlegging av padletur, risikovurdering og håndtering av ulike værforhold. Vi skal også lære å bruke kanoane som skjul og gapahuk og på overnattingstur.

Fridykking

Mesteparten av naturen på kloden er under vatn! Du får lære fridykking, og med lungene som einaste luftreserve får du utforske det spanande livet under vatn. Maske, snorkel, våtdrakt og svømmeføtter. Utan oksygenflasker bevegar vi oss smidig og lydlaust under vatnet, og kjem nærare på livet i havet. Vi skal hauste av havet og bruke det vi haustar i mat vi lagar.

Person med dykkarmaske i vatn

Du får oppleve Lundefuglar på fuglefjellet på Runde på nært hald, og kanskje sel og andre sjødyr. Du får vandre på snaufjellet, i skogane, gå eigne skispor i urørt snø og oppleve vakre vinterfjell, sove under open himmel og i snøhole. Det er du sjølv som set grensene – og som flyttar dei.

Vi skal også lære å drive med villsauer slik det har vore gjort i mange tusen år. Kva med hundre lam som skal temmast eitt og eitt og lære dei at menneska er snille? Dersom du er vennleg, så vil dei merke det med ein gong. Dette foregår i den flottaste naturen du kan tenke deg på Værlandet i det opne havet.

Jente med gul regnjakke sit i naturen med sauer

Du vil også få vere med å på halde kystlandskapet slik det har vore sidan vikingtida. Sørværet Naturreservat er beitelandskapet for villsauene, og det skal haldast reint for granvokster og søppel m.m.

Kurs og sertifiseringar

CMAS Fridykkarkurs

Gjennom fridykkarkurs blir du sertifisert med CMAS fridykkarsertifikat. Kurset går over fleire dagar og inneheld teori med prøvevog praktiske øvingar av dykketeknikk og utforsking av livet under vatn. PS: Vi driv rekreasjonsfridykking, ikkje APNEA som er ei meir ekstrem form for djupvannsfridykking.

Våttkort grunnkurs for havkajakk og kano

Begge kursa er fordelt over fleire dagar, og gir ei grundig innføring i padleteknikk, kameratredning og tryggleik i kano og havkajakk. Gir våttkortsertifikat.

Studieturar til Femundsmarka, New Zealand og Sri Lanka

Femunden

På hausten går ferda til spanande og mystiske Femundsmarka. Her vandrar inn i villmarka og opplever urørt urskog og idylliske leirplassar. Les meir om Femundsmarka her >

New Zealand og Sri Lanka

I februar dreg vi på studietur til eventyret New Zealand, saman med Topptur-linja. Vi dreg jorda rundt for å utforske eit av verdas mest spanande reisemål.Les meir om New Zealand-reisa her. 

Saman skal vi oppdage den spanande og varierte naturen på nordøya, og å få innblikk i historien til landet New Zealand og kulturen til Maori-folket, kom opprinneleg frå andre øysamfunn i Polynesia, og befolka New Zealand på 1200-talet.

Vi dreg så vidare til Sri Lanka, som du kan lese meir om her. På Sri Lanka møter vi resten av skulen. Saman skal vi på eventyr. Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk. Og vi finn ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School.

New Zealand og Sri Lanka, ei oppleving for livet!

Studieturane er inkludert i linjeprisen.

Elefantmor og elefantborn badar

Det gode livet – kva er det

Spørs om ikkje det er dette som er det gode livet? Å vere tett på naturen og kvarandre, og å vite et ein utgjer ein liten forskjell for å gjere naturen litt reinare, og gjere dette blant gode venner som deler dei same gledene.  Innanfor to timars reise frå skulen har vi alt frå høgfjell og isbre til elvar, vatn, skog og toppar til fjord, øyar og skjergard. Er ikkje det flott? Vi synes i alle fall det og er veldig stolte av Sunnfjordnaturen. Velkomen!

Gruppe sit framfor bål

Kva treng du av utstyr?

Du treng generelt friluftsutstyr: Kjøp brukt på finn.no eller lån utstyr frå familie og venner. Det er ein fin måte å spare pengar og miljøet på.

Fjellsekk (Herre 95-100L/Dame 75-85L) Vintersovepose. Liggeunderlag. Vanntette og stødige fjellsko. Regntett/vindtett turjakke og turbukse. Fjellski. Gamasjar. Vanntette pakkposar. Fotposar. Termos. Hovudlykt. Tjukk ullgenser. Hue, ullvottar med vindvott. Ullundertøy. Speglkompass og kartmappe. Sykkel. Fiskestong til bruk i sjø og ferskvatn (kombistong). Fotokamera (om du har).

Spør elevane

Du er velkommen til å snakke med årets elevar. Her er Birgit Sæterbø, Du er velkommen til å snakke med Birgit dersom du har lyst til å ta kontakt. Det er av og til greiare enn å spørje ein lærar. Ho er på facebook, ho er på mobil, eller epost. Birgit er også presentert her.

Pris

Besøk linjesida vår på  www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Gå inn på videokarusellen nedanfor!

Sveip i bildekarusellen her:

Fakta om linja

  • Villmarksliv
  • Fridykking
  • Havkajakk og kano
  • Skog, fjell og kyst ytre Sunnfjord
  • Ski
  • Bærekraftig friluftsliv
  • Villsau
  • Femundsmarka
  • New Zealand og Sri Lanka

Linjelærar

Birger Helle Fatland

Birger Helle Fatland

Birger brenn for å formidle gode naturopplevingar. Han er linjelærar på Rein natur. Birger er friluftslivsvegleiar, har mastergrad i Friluftsliv (Høgskolen Bø i Telemark), og har allmennlærarutdanning med fordjuping innan friluftsliv og musikk (Høgskulen i Bergen og Bø). Han har tidligare arbeida som lærar i grunnskulen og som timelærar i friluftsliv ved studie for Friluftsliv, natur- og kulturveiledning på Høgskulen i Bø. Han er særleg glad i solide tyribål, kanopadling, havkajakk, overnatting ute, fridykking, gitar og turar i skog og fjell.

+47 95 11 62 35
birger@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.