Volleyball

På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår. Eller du kan få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. Studietur til Brasil og Sri Lanka.

På volleyballinja er det balltrening kvar dag, styrketrening i det nye treningssenteret vårt. KM, seriespel, skule-NM og turneringar. Sunnfjord Folkehøgskule er kjent som volleyballskulen i Norge, og har profesjonelle trenarar frå Canada og Brasil.

Volleyball og seriespel har hovudprioritet, men du kan også trene beachvolleyball i Sunnfjordhallen.  Sunnfjordhallen er ein oppvarma spesialhall for sandidrettar med tilnærma strandmiljø.

Skule-NM

Sunnfjord fhs har som målsetting å ta medaljer i skule-NM kvart år.

Gutelaget tok gull i 2017 og sølv i 2018! Det er vi veldig stolte over!

Bildeserien er frå NM for vidaregåande i Kristiansand, 2018. Gutelaget fekk ein sølvmedalje. Bla i karusellen!

Bildeserien er frå NM for vidaregåande i Kristiansand, 2018. Gutelaget fekk ein sølvmedalje.

Treningsleir/studietur i Rio de Janeiro, Brasil, om hausten. og Sri Lanka om vinteren.

I Rio bur og trener du på Copacabana, verdas mest berømte strand. Les meir om Brasil-turen her og om  Sri Lanka-turen her. Denne turen er frivillig og ikkje inkludert i prisen.

Førde vbk – Sunnfjord IL – overbyggingsavtalar

Førde vbk og Sunnfjord i.l. har lag på følgande nivå;

– Elite kvinner
– Elite menn
– 1. div. menn
– 2. div. kvinner – fleire lag
– 2. div. menn – fleire lag

Sunnfjord i.l. har lag i 2. div. kvinner og menn. Held du elite eller 1. div. nivå har Sunnfjord i.l. overbyggings-avtale med Førde vbk eller andre klubbar i elite og 1. div. Førde vbk vart stifta i 1974 og er i dag ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Sunnfjord sitt herrelag tar gull i NM MVGS i Stavanger 31. jan. 2016.

Her er nokre andre bilete frå livet på volleyballinja!

Skulen har fått eige treningsstudio! Det kan du bruke når du vil, det blir også brukt i undervisninga.

Pris

Besøk linjesida vår på  www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Spesialtrening

På skulen kan du få tilbod om spesialtrening som valfag libro, valfag oppleggar og valfag hoppserv dersom det er mulig å få til.

Alle elevane på skulen er med på fellesprosjekt. Det fører til at noko av linjeundervisninga går ut enkelte dagar og periodar. Døme på fellesprosjekt er musikaloppsetting, bistandsprosjekt og andre temadagar.

Matchball skule-NM 2012. Film: Nils Edvin Numme

Matchball skule-NM 2010. Film: Martin Olsen

To filmar i karusell:

Fakta om linja

  • Mykje trening
  • Teknikk trening
  • Puls Førde treningsinstitutt
  • Studieturar til Brasil og Sri Lanka

Linjelærar

Marcelo Penner

Marcelo Penner

Han er fødd i Belem i Amazonasområdet nord i Brasil og har bakgrunn som profesjonell sandvolleyballtrenar gjennom 8 år i Rio de Janeiro. Der han har trent alle dei beste brasilianske laga, mellom andre Guilherme og Para, men også Larissa, som i dag er rangert som ei av dei beste kvinnelege spelarane. Penner starta samarbeidet med Sunnfjord Folkehøgskule i Rio de Janeiro i 2003, har vore tilknytta Toppvolley Norge frå 2006, og vore tilsett ved Sunnfjord Folkehøgskule 2008-2010 og no frå 2012.

+47 97 13 97 12
marcelopenner@hotmail.com

Todd Johnson

Todd Johnson

Frå Torquay, Saskatchewan, Canada. Utdanning i Canada og Norge. College volleyball for Briercrest Clippers, Canada. Spelt for Mosjøen vbk, Sortland vbk og Kristiansund vbk i eliteserien. Cupmeister for Kristiansund vbk 2005 og 2007. 196 cm høg. Oppleggar. Flytta til Førde i 2014. Han er gift med Kristy - også frå - Canada, som er lærar på Events Festivals. Dei har to barn.

+47 99 27 90 19
todd@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.