Studieturar

Vi arrangerer studieturar til ulike reisemål som er spennande og som utfordrar oss. Alle linjene på skulen reiser på studietur til utlandet, og fleire av linjene har reisemål i vårt eige unike heimland. Vi samlar inntrykk, opplevingar og erfaringar frå heile verda.

Studieturen er ein viktig del av undervisningsopplegget på linja, og turen er avhengig av linjevalget ditt.

Reiseforsikring er inkludert for alle våre elevar. Den dekker alle aktivitetane som skulen legger opp til.

Skulen sine reglar gjeld også på reisene.

Dei fleste av våre studieturar er obligatoriske og knytta til linja du går på. Du kan ikkje velje annan tur enn den som er knytta til linja.

Unntaket er felles studietur til Sri Lanka, som er valfri for fleire av linjene.

OBS: Vaksinering

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering.

Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

Viktig:
Det kan oppstå endring i planane og for prisane for utanlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere.
Slike årsaker kan vere valutaendring, lokale forhold på reisemålet, og det kan vere at gruppa som reiser blir mindre enn forventa.

Avslutning 9. og 10. mai

Bildet er frå første skuledagen i august.

Skuleåret går raskt mot slutten. Det er berre nokre få veker att av skuleåret og vi forbereder oss på å ta farvel med ungdommane som har vore elevkullet 2017-2018.

Vi vonar mange av dykk har høve til å komme til avslutningskvelden, og at avslutninga kan gje eit lite innblikk i korleis ungdommen dykkar har hatt det dette året. Gjennom skuleåret er det knytt sterke band, mange har fått vennskap som kjem til å vare livet ut.

Onsdag 9.mai:   

Kl. 19.30        Festmiddag for elevar, foreldre og tilsette

Kl. 21.00        Festkveld i gymsalen

Kl. 22.00        Kaffe, kaker m.m.

Kl. 22.30        Uformell kveld

Torsdag 10.mai:

Kl.10.00-11.00 Brunsj og avreise 

Under avslutningsfesten blir det høve til å gje ei gåve til bistandsprosjektet vårt, Kamam Folk High School.

 

Det er ikkje høve til overnatting ved skulen. Vi har fått avtale med  Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

for en god pris denne helga, oppgje Sunnfjord Folkehøgskule  46557088 som referanse. For å vere sikra rom til rabatert pris, bør ein bestille før 1.mai.

Alternativ i Førde er Thon Førde Hotel og Førde Gjestehus og Camping

 

Påmelding innan 1. mai til  e-post: kontor@sunnfjord.fhs.no eller på telefon 57829960

Oppgje kor mange som deltek på middagen.

 

VI ØNSKJER DYKK HJARTELEG VELKOMNE TIL AVSLUTNING 9./10. MAI !

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.