Haavetuns Venner
Haavetun er eit signalbygg i Førde, og det mest sentrale bygget i Sunnfjord folkehøgskule si historie. Det er verdfullt, men dyrt å drive. Vi innbyr derfor alle interesserte til å vere med i denne venneforeininga.
Haavetuns Venner blei skipa 20. januar 2015.
Målet med Haavetuns venner er å støtte arbeidet med å ta vare på bygget sin eigenart og hjelpe til med å halde det ved like på ein slik måte at det er funksjonelt og tenleg til bruk.
Veit du om andre som kan ha interesse for Haavetun, ber vi deg om å invitere dei med eller gje oss ei melding om dei.
Med helsing for prosjektgruppa:
Leon Haugsbø
Karl Russøy
Per Ingolv Nygård
Jorun Knapstad