Julemessa blir arrangert laurdag 25. november i 2023. Vi ber deg om å sette av denne dagen til den tradisjonsrike julemessa på Sunnfjord Folkehøgskule.
Julemessa er vår største og viktigaste markering i året. Kvart år kjem mykje folk frå Førde og bygdene i Sunnfjord, «gamle elevar», born, foreldre og besteforeldre frå barnehagen, og tilsette med familiar til skulen vår og den tradisjonelle julemessa.
Tida før jul er hektisk, men god – mykje skal forberedast, bakast og ordnast. Vi treng gode tradisjonar, og julemessa er ein av desse.
Program for dagen:
Kl 11.30 Opning av julemessa - salet startar
- kafé opnar ved gymsalen, open heile dagen
- ulike aktivitetar for borna heile dagen
13.00 Underhaldning av Solvang barnehage
m/åresal etterpå
13.30 Middagsservering i matsalen
15.00 Program av Sunnfjord Folkehøgskule
Ca 16.30 Vinnarane vert leste opp etter trekning av loddbøker
Fortsatt sal av heimebakst, julekaker og andre varer etter programmet.