YMCA Kamam Folk High School endeleg opna
Laurdag 13. september blei YMCA Kamam Folk Hig School på Sri Lanka offesielt opna etter meir enn to år med bygging, utvikling, finansiering og skolering (kven på Sri Lanka kan vite kva ein folkehøgskule er?). Sunnfjord Fhs har vore delaktige i pengeinnsamling og opplæring heile vegen, og prosjektet har pågått sidan 2012.
Rektor Jorun Knapstad avdukar plata som viser at Sunnfjord Folkehøgskule har vore ein viktig partner for Kamam si historie.
Ideen om ein folkehøgskule på Sri Lanka starta med at ein av våre srilankiske elevar for snart fem år sidan reiste heim og begeistra representantar for YMCA i heimlandet. Sunnfjord Fhs blei spurde om å bistå at skuleprosjektet kunne realiserast både økonomisk og pedagogisk. Vi knytta til oss KFUK-KFUM Global som har bidratt med sikring av pengestraumane, oppfølgjing av prosjektet og med finansiering via lokale KFUK-KFUM-foreiningar i Norge.
Rektor for Kamam, Hema, er stolt deltakar i opningsprosesjonen. Dansarar er med og lagar god stemning.
Dei som reiste for å vere med på opninga var Jorun Knapstad, rektor, Arne Håberg, inspektør, Camilla Hylland Skogheim, miljøarbeidar, Marina Lillebø og Maiken Molden Jensen, stipendiatar på Aktiv Bistand Sri Lanka. Jorun heldt tale, avduka plate med inskripsjonar, heisa flagg og var i det heile ein hovudgjest på opninga. Arne viste ien biletserie som strekte historiske linjer frå oppstarten på vår skule til Kamam Folk High School i dag.
Camilla, Nisala, Marina og Maiken dansa på opningsseremonien på YMCA Kamam Folk High School.
Camilla, Marina og Maiken deltok med dans og song på opningsseremonien, støtta av Nisala, som er stipendiat på Kamam og var elev på Sunnfjord Fhs i fjor.
Den enklaste delen er no unnagjort. Den store utfordringa blir no å lage ein god skule med glade elevar. Dei vil trenge både kollegial, moralsk og økonommisk støtte framover dersom dette prosjektet skal bli ein suksess! Dersom du ønskjer å bidra med noko, så ta gjerne kontakt. Jorun er tilgjengeleg for alle spørsmål og innspel.
Planen er at første hovudkurset skal starte i slutten av september, det skal vare i fire månader. I tillegg ligg det planar for fleire kortare kurs.
Marina, Maiken, Nisala og Camilla er blitt knytta saman gjennom engasjementet for YMCA Kamam Folk high School.
Internatet har plass til 32 elevar på firemannsrom, i tillegg har dei eit gjestehus med 16 sengar som kan brukast av alle som vil besøke skulen.
Skulen ligg i Kallar på austkysten av Sri Lanka, om lag 8 timars køyring frå flyplassen ved Colombo.
Opninga av skulen inngår i Sunnfjord Folkehøgskule sine markeringar av Grunnlova sitt 200-årsjubileum og folkehøgskulane som feirar 150 år i Norge.
Hyggeleg å vere nemnt! Det er mange som har æra, alle elevane våre dei tre siste åra, og mange tilhengarar av prosjektet.