Her ligg skulen

Sunnfjord Folkehøgskule ligger ca 2 km frå Førde sentrum. Det går bybuss til skulen. Det er smart å ta med sykkel hit! Skuletunet består av internatbygningar, administrasjonsbygg og undervisningsbygg, i tillegg til Sunnfjordhallen (sandhall) som ligg 2 km frå skulen.

Veibeskrivelse direkte i Google Maps

Det går fleire daglege ekspressbussruter frå Oslo. (reisetid ca 10 timar), Bergen, Ålesund/Volda/Stryn.  Nattbuss frå Trondheim. Du finn alle ruter på Entur.

Det går også direkte fly frå Oslo og Bergen fleire gongar dagleg.
Sjå meir på www.wideroe.no

I privatbil er kjøretid frå Oslo ca 7 timar, og frå Bergen ca 3 timar.

Om Førde

Førde er handels-, kultur- og skulesenter i Sogn og Fjordane, med ca. 12.000 innbyggarar.

Godt utbygde servicetilbod på dei fleste område. Fin natur med fjord, fjell, elv og bre som nære naboar. Godt tilrettelagt for friluftsliv og aktiv bruk av naturen.

Førde Sentralsjukehus med sine godt 1300 tilsette gjer sitt til at byen har god representasjon både nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen i Sogn og Fjordane har avdeling i Førde. I sentrum finn du dei fleste tilbod som er vanlege i en by, også eit godt utbygd kulturhus, Førdehuset, fleire kjøpesenter og fleire treningsstudio.

Lenker til nokre tilbod som fins i nærområdet:

Jølster skisenter
Sunnfjord skisenter
Førdehuset
Førde kommune
NRK Sogn og fjordane
Avisa Firda

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.