• Instagram
  • Facebook
Sunnfjord Folkehøgskule
  • Linjer
  • Reiser
  • Skulen
  • Andre tilbod
  • Kontakt
  • flagg EN
  • Søk
  • Menu

Jubilantstemne

Jubilantstemnet blir 25. mai 2019. Programmet og invitasjonane er enno ikkje klare.

(dette er fjorårets invitasjon)

Skulen i saman med elevlaget inviterer til jubilantstemne laurdag 26. mai 2018

Jubilantstemnet går over ein dag, men det blir høve til å overnatte ved skulen for dei som ønskjer det.

I år er det følgjande årskull som får invitasjon:

1947/48, 1952/53, 1957/58, 1962/63, 1967/68, 1977/78, 1987/88

Vi oppfordrar alle elevkulla til å opprette facebookgrupper eller på annan måte ta kontakt med kvarandre slik at mange kan møtast. Vi oppfordrar også til å ha eigne arrangement om kvelden. Skulen stiller lokale til disposisjon som de kan nytte laurdagskvelden saman.

Det vert god tid til jubilantsamling før middagen. Kjekt om du vil ta kontakt med «ditt kull» så de kan få flest mogleg til å treffast.

Fleire gonger opplever vi at dei som bur nærast ikkje møter fram, til stort sakn for dei som har reist lange vegar for å møte mange frå sitt kull.

Program

Programmet for jubilantstemnet blir frå 12.00 til ca. 18.00. Nytt av året er at elevkull kan ha eigne samlingar og disponere lokale her på skulen etter det offisielle programmet. Ønskjer ein å samle kullet og få meir tid saman denne kvelden, tilbyr vi Solvangs gode betasuppe + kaffeservering kl 18.30 for kr 140,-. Dette må kulla planlegge og melde inn tal jubilantar som vert med på dette. Bestill ved å ta kontakt med skulen på epost.

12.00 Stemnet opnar – god tid til å helse på gamle kjente

13.00 Middag

15.00 Program med orientering om skulen og ulike innslag

16.30 Kaffe og kaker, servert i matsalen

18.00 Ca slutt tid for det offisielle programmet.

For dei kulla som vil ha eigne kveldssamlingar: Frå 18.30 – 19.30 Servering av betasuppe og kaffi, eit felles måltid i matsalen før kulla samlast til eige arrangement.

Prisar

Pris på jubilantstemnet kr 300 pr pers Pris for betasuppe, kaffi kr 140 pr pers

Overnatting laurdag til søndag, pris inkl. sengetøy og frukost.

– Enkelt rom u/ bad kr 640

– Enkelt rom m/ bad kr 720

– Dobbelt rom u/ bad kr 820 totalt for 2 pers.

– Dobbelt rom m/ bad kr 1020 totalt for 2 pers. – 4 –sengsrom kr 1550 totalt for 4 pers.

Har du spørsmål, så ta kontakt med skulen på  epost  eller på telefon 57829960.

  • Undervisning
    • Vegleiing
    • Skule 24/7
  • Skulekalender
  • Prisar
  • Her ligg skulen
  • Nyheiter
  • Spørsmål & svar
  • Elevprofil
  • Jobbe på Sunnfjord Folkehøgskule
  • Kristen folkehøgskule
  • Internat og bygningar
    • Nytt treningsstudio i 2018
  • Wi-Fi
  • Reglement
  • Aldersgrense 18 år – med unntak
  • Funksjonshemming og andre behov
  • Historie
  • Bistandsprosjekt
  • Elevinfo
  • Info for personale
  • Jubilantstemne

Kontakt oss

kontor@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 57 82 99 60

Kontaktskjema

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Finn oss på kartet
Innhaldsoversikt

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.

Skulen på Facebook
Nettstaden er levert av 123press
Ikoner laga av Freepik og Icon Works frå www.flaticon.com
  • Instagram
  • Facebook
Scroll to top

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.

OKLes meir