Prisar

Prisar på linjene

Du går inn på Folkehøgskolene og velg den linja du er interessert i.

Bruk priskalkulatoren , og du får ein korrekt pris der alt er inkludert.

Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. Du kan også oppgradere rommet, velje spesielle valfag m.m.

Inkludert i prisen

  • Påmeldingsgebyr på kr 2.300,- (Blir ikkje betalt tilbake om du seier opp plassen din.)
  • Undervisning
  • Studieturar på linja: Sjå kvar enkelt linje!
  • Mat – gjeld også alle turar – og rom på skulen
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio

OBS: Ikkje alle folkehøgskular inkluderer så mange ting i prisen! Sjekk dette dersom du vil samanlikne pris og innhald.

Hos oss er mat inkludert på turane. Dersom det manglar, så utgjer dette kanskje 2-3000 kr på ein tur. Sjekk dette nøye!

Avhengig av linje

  • Linjeprisen varierer på grunn av ulike studieturar og litt ulikt utstyr på linja.

Ikkje inkludert

  • Enkeltromtillegg
  • Tillegg for rom med privat bad.

Viktig: Det kan oppstå endring i planane og prisane for utanlandsturane av grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Slike årsaker kan vere valutaendring, lokale forhold på reisemålet, og det kan vere at gruppa som reiser blir mindre enn forventa. Vaksiner er ikkje inkludert i prisen. Alle er sjølve ansvarlege for å ta dei vaksiner som trengs. Om nødvendig må du kontakte din fastlege. Skulen har ikkje fagkunnskap om helsespørsmål.

Statens Lånekasse

Statens Lånekasse yter stipend og lån. Satsar for 2019-2020 vil kome på Lånekassa si heimeside og i priskalulatoren på kvar enkelt linjeside på Folkehogskolene.

Du kan du lese meir om prisar generelt på www.folkehøgskole.no.

Statens Lånekasse finn du her. Her kan du også følgje med på dei nye satsane når dei blir lagt ut.

Påmeldingsgebyr/ innmeldingspengar

Du betaler eit påmeldingsgebyr på kr 2 300 når du tek imot skuleplassen ved Sunnfjord Folkehøgskule. Desse pengene får du ikkje tilbake om du seinare skulle bestemme deg for å trekke deg frå skuleplassen. Denne regelen gjeld for alle folkehøgskulane. Beløpet er inkudert i totalbeløpet du får opp i priskalkulatoren.

Betalingsplan

Du får ein betalingsplan saman med annan informasjon i juni eller så snart som mulig dersom du søker seinare.

Det blir månadlege innbetalingar, der første forfall er 1. august.

Forsikring

Alle våre elevar får reiseforsikring inkludert i prisen. Dersom det er behov for dekning av ekstreme aktivitetar, så må du betale slik forsikring sjølv.

Skulen har ikkje ansvar for å forsikre dine personlege eigendelar på skulen. Vi tilrår at du har innbuforsikring. Sjekk om familien har slik forsikring.

Funksjonshemming eller utviklingshemming

Vår skule ønskjer deg velkommen også dersom du har spesielle utfordringar i livet, som funksjonshemmingar eller andre tilpasningsbehov. Kanskje er du åleinemor? Her finn du meir om spesielle behov. 

Vi ønskjer også velkommen til elevar med utviklingshemming.  

Ein del av behova vil kunne medføre ekstra kostnader. Ta kontakt med rektor for spørsmål om dette.

Heimebuar

Elevar som vel å bu heime finn prisen ved å ta ordinær linjepris minus kr 36 350, – Ein får ikkje bortebuarstipendet hos Statens Lånekasse dersom ein bur heime. Avstand til heimen betyr ingen ting for utbetaling av stipend. Vi prioriterer internatbuande elevar ved opptak.

Fellesutgifter

Inkludert er fellesturar, utstyr til seminar, kulturarrangement, valfag, kopiering, songbok, transport, ekskursjonar, informasjon, tilgang til vaskeri, utstyr til fritidsaktivitetar, musikal, internett, samlingar i samband med opning og avslutting av skuleåret, fjorårstreff året etter at du sluttar m.m.

Linjepris og studieturar

Linjepris dekkar studieturar, aktivitetar og materiell. Utstyr og opplevingar som ein har felles på linja er inkludert.

Turane blir spesialplanlagt for å dekke målsetninga med linja. Turane er ein viktig del av undervisninga på linja, og elevane kan til vanleg ikkje velje ein annan tur.

Dersom du sluttar

Den som sluttar etter å ha begynt på skulen, må betale for seks veker etter oppseiingsdatoen. Dette gjeld for alle folkehøgskulane.

Spesielle behov for tilpassa mat

Dersom du treng spesialtilpassa mat på grunn av matallergi, så må du betale eit tillegg for det som blir avtala med skulen.

Dersom du treng halalkjøt, så må du også betale ekstra for det.

Husk å søke Lånekassen om stipend og / eller lån

I tillegg fins det andre ulike stipend og legat ein kan søke. Vi har tatt med dei viktigaste under sida:

Andre stipend og legat

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.