Spørsmål og svar

Her finn du kanskje svar på det du lurer på, viss ikkje kan du sende inn ein e-post eller bruke kontaktskjema her.

Aldersgrense 18 år og unntak frå regelen
Sjå meir informasjon her.

Kven kan bli elev?
Sjå aldersgrense ovanfor. Skulen vil spesielt på volleyballinjene prioritere mest mulig lik fordeling mellom jenter og gutar.

Kan eg ha besøk på skulen?
Gjester er velkommen til å vere saman med oss når det passar. Når du får besøk av venner og familie som skal overnatte og/ eller ha mat, avtalar du dette med internatleiar. Vi har eigne prisar for dette.

Korleis er det å kome seg til skulen?
Bybussen og flybussen i Førde har stopp like ved skulen. Til Førde går det fleire daglige ekspressbussar frå Oslo, Bergen, Ålesund, Trondheim m.m. (rutebok.no) og flere direktefly frå Oslo og Bergen. (wideroe.no)

Ligg skulen langt frå sentrum?
Vi ligg innanfor sentrumsområdet med ca 20 minutt gangavstand til sentrum, idrettshall, kulturhus, kino m.m.. Det går også bybuss forbi skulen. Sykkel er ideelt!

Wifi
Vi har wifi på store deler av skulen. Men enkelte internatform har dårleg dekning pga murveggar og branndører. Nettet har ikkje god nok kapasitet til at alle kan streame samtidig. Det er berekna kun på surfing og enklare bruk.

Kan eg ta fri?
Du er sjølv ansvarleg for ditt eige fråvær. Du må varsle når du er borte frå skolen.

Kva kan vi gjere på fritida?
Både gymsal, musikkrom og alle skulen sine fasilietar er tilgjengeleg både kveld og helg.

Blir det ikkje veldig tett å bu på internat?
Å bu på internat er kanskje av det mest spesielle ved å gå på folkehøgskule. For at dette skal fungere, er det viktig at vi viser omsyn til kvarandre. Spesielt gjeld dette på kveldstid, og det skal difor vere ro i internatet kl. 23.30 slik at dei som ønskjer det kan sove.

Kva med TV?
Alle elevstovene på internatet har TV. I tillegg vil spesielle sendingar bli vist på storskjerm i auditoriet. Vi har ikkje godt nok nett til at alle kan streame på rommet.

Kor ”kristen” er skulen?
Vi ønskjer å være ein tydelig kristen folkehøgskole, men samtidig ønskjer vi å ha stor takhøgde og vise respekt for andre livsssyn. Morgonsamlingane er eit kort ord for dagen som er med å formidle skulen sitt verdisyn. Vi har også enkelte fellesfag med kristne tema. Ut over dette tilbyr vi ulike frivillege aktivitetar på kveldstid som kapellsamling og samtalegrupper.

Kva er ein stipendiat?
Stipendiatane er elevar som har gått eitt år før, i tillegg til at dei har ein del funksjonar i miljøet på skulen. Kvar vår lyser vi ut tilboda for neste år.  Stipendiatane fungerer også som eit bindeledd mellom det øvrige personalet og elevane.

Er det mulig å gå på ski i Førde?
Her er vi omgitt av flott skiterreng og har to skitrekk i nær avstand. Det kan enkelte kveldar/helgar bli tilbod om transport med minibuss til skianlegg.

Kor ofte og korleis kan jeg vaske klede?
I kjellaren på internatet er det vaskerom med vaskemaskiner og tørkerom.

Kva valfag kan eg velge mellom?
Skuleåret er delt i to periodar, og i kvar periode skal alle velje nye valfag. I kvar av desse periodane kan man velge mellom mange ulike valgfag. Vi har lærarar med veldig ulike fag, og dermed får vi et spennende og variert valfagtilbod. Du kan lese meir om det på Undervisning.

Er det strengt i forhold til alkohol?
Bruk av alkohol og andre rusmidlar er ikkje mulig å kombinere med å gå på skulen vår. Vi er ulike, bur tett og har difor klare reglar om at det ikkje er lov å bruke eller oppbevare alkohol på skulen, eller kome påverka til skolen.

Kan eg velje kven eg skal dele rom med?
Du kan komme med ønskje dersom det er nokon spesiell du ønskjer å dele rom med, så bruker det gå greitt. Gutar og jenter bur ikkje på same rom.

Kor ”flink” må eg være for å gå f.eks. på volleyballinja?
Vi har ingen opptakskrav på nokon av linjene. Det viktigaste er at du er motivert for å drive med det aktuelle faget. På enkelte av linjene, f.eks. Volleyball er det en stor fordel å ha bakgrunn i denne idretten frå før.

Eg veit ikkje kva eg skal gjere etter folkehøgskulen, får eg hjelp til å bestemme meg?
Vi er veldig obs på dette. Skulen  har både eigen vegleiar, og vi legg opp til laurdagsseminar og anna undervisning om utdanning. Du får også møte representantar for ulike yrker og delta på yrkesinformasjon.

Er det dyrt, og kva med lån og stipend?

Du finner informasjon om hva det koster på Pris-sida.

Lån og stipend søker du direkte hos lånekassen etter at du har motatt skuleplass.

Er det butikk nær skulen?
Det ligg daglegvarebutikk nær skulen. Elles er jo Førde ganske stor på handel med m.a. fleire store handelssenter.

Om du lurer på noko anna, kan du sende spørsmålet ditt til kontor@sunnfjord.fhs.no.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.