Undervisning
Timeplan
Vi legg opp timeplanen slik at linjetimane (14 timer pr veke) og fellesfaga (9 timer pr veke) ligg fast på timeplanen. Du skal i tillegg velje to valfag (4 timar pr veke).
All undervisning og fellesarrangement er obligatoriske.
Her ser du korleis timeplanen ser ut for siste skuleår: (dei blå felta er linjetimar)
Fellesfag
Obligatoriske fag som elevane har saman. Undervisninga foregår i auditoriet som er godt utstyrt med audiovisuelt utstyr.
- Dagsnytt
- Prosjekt
- Vekestart
- Kommunikasjon
- Kristendom
- Livsmeistring
- Kor
- Allsang
- Verdifag
Valfag
Laurdagsseminar
Alle folkehøgskulane har undervisning de fleste av laurdagane. Hos oss er dette lagt opp som frittstående seminar, gjerne av praktisk karakter. Det hender at vi hentar inn gjestelærarar for å arbeide med spesielle tema. I løpet av året er vi innom mange ulike tema.
Dette vil variere år for år, og denne lista er meint som eksempel frå dei siste skuleåra:
Førde Opp – mosjonsløp, Globalt medborgerskap, Førstehjelp, Tekstverkstad, Natur og bærekraft, Flyktning, Yrkeskafe, Likeverd og rasisme, Spel og strategi, Motivasjon, Korrupsjon m.m.