Skule 24/7

Folkehøgskule er skule heile døgnet. Det betyr at læring skal skje også utanfor den vanlege undervsiningstida. Ein del av denne tida disponerer du sjølv, og den liknar på vanleg fritid. Andre gonger lagar elevane arrangement for alle, og skulen arrangerer ting på kveldstid som alle er med på.

Difor er mykje av det som skjer i kveldar og i helga obligatorisk å vere med på, og det er tider su sjølv må fylle med meiningsfulle aktivitetar.

Fritid

Fritida kan fyllast ved å bruke skulen sine mange fasilitetar, som

  • skulekjøkkenet
  • treningsstudioet
  • musikkrommet
  • gymsalen
  • spinningssalen
  • fotostudio
  • ++

Elevkveldar

Noko av dei meir spesielle tinga ved folkehøgskule er elevkveldane. Dei fleste laurdagskveldane er det linjene, internatgruppene, stipendiatane e.l. som har ansvar for ein underhaldningskveld. Det er obligatorisk å delta på elevkveldane.

Her er det kreativitet som gjelder!

Bibelgruppe

Vi prøver å tilby bibelgrupper for dei som ønskjer dette. Av og til samlast dei heime hos lærarar.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.