Leder – Trainee

Denne linja gir deg litt andre utfordringar enn dei andre linjene. 

Du kan søke dersom du har gått på skulen vår tidlegare. Skulen veljer fritt blant søkarane, og det er ikkje bestemt eit antal elevar.

Elevane har leiarpraksis på ei av dei andre linjene, som inneber eit utvida ansvar i undervisninga og på turar. Dette skjer i nært samarbeid med læraren på linja.

Det vil inngå leiartrening og -opplæring, og det blir tett oppfølgjing av ein av lærarane gjennom heile året. Dette kjem i staden for ein del av dei timane som dei andre har, det kan vere fellesfag og av og til valfag.

I tillegg skal desse elevane ha ansvar for miljøaktivitetar i helgar og på kveldar, og ein vil til ei viss grad ha ansvar for å følgje opp elevar som treng litt ekstra støtte.

Bistandsarbeid

Gruppe med mennesker

Du vil også få vere med og ta ansvar for skulen sitt store bistandsprosjekt, som er å støtte Kamam Folk High School, som er vår søsterskule på Sri Lanka. Alle elevane på skulen er med i dette arbeidet, og Leder – Trainee-elevane skal vere i fronten og ha litt ekstra ansvar for å dra lasset. Meir om Kamam her >

Kristent arbeid

Morgonsamling

Vi er ein kristen skule. Vi ønskjer også at elevane på Leder – Trainee kan vere med å ta ansvar for å styrke kristne miljøaktivitetar på skulen, for eksempel kristne samlingar, allsangkveldar og morgonsamlingar.

Studieturar

Elevane på Leder – Trainee blir med på studieturane til den linja ein vil følgje. Sjekk studiereiser på den aktuelle linja!

Intervju

Det er intervju med alle som søkjer på denne linja. Vi tek opp kun eit mindre antal elevar på denne linja.

Pris

Prisen på Leder – Trainee er lavare enn for dei andre linjene og vil variere etter kva linje du veljer å følgje (mest fordi studieturane kostar ulikt). For enkelte av linjene kjem Sri Lanka-turen i tillegg fordi den er frivillig.

Du vil ikkje finne prisen på denne linja der du vanlegvis finn prisane (på kvar enkelt linje på https://www.folkehogskole.no/skole/sunnfjord) . Difor vil vi vise prisane her for skuleåret 2019-20:

Dette kostar det på Leder – Trainee på dei forskjellege linjene:

OBS: Prisane er ikkje klare for 2020-21!

Husk at vil få stipend på kr 43 300,- (ikkje oppdatert) , noko som dekker det meste på dei fleste linjene. I tillegg kan du ta opp studielån. Alt om stipend og lån på Lånekassen si hemeside >

Fakta om linja

  • Ledertrening
  • Assistere undervisning
  • Arrangere aktivitetar
  • Teamarbeid
  • Valgfri linje
  • Studietur

Linjelærar

Kristy Ledene Johnson

Kristy Ledene Johnson

Kristy har lang erfaring frå barne- og ungdomsarbeid, idrettsarbeid og miljøarbeid. Kristy er ein ekte "foody" frå Canada som har budd mange år i Norge. Ho er langt over gjennomsnittet interessert i internasjonal matlaging og forskjellege feiringar og events. Dessutan likar ho friluftsliv.

+47 98049895
kristy@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.