Beach og volleyball
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball nesten kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i idrettshallen.


Beachvolleyball:
Beachvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane til Gøteborg og Rio de Janeiro. Skulen har to nye beachbaner 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire baner.
Volleyball:
Beach & Volleyball samarbeider tett – og har det meste av undervisninga saman med – Volleyballinja. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Sunnfjord FHS har som målsetting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!
Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge
På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!
Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.


- Studietur til Copacabana
- Teknisk og taktisk innføring i beachvolleyball og volleyball.
- Innandørs trening og seriespel saman med Volleyball-linja.
- Styrketrening og skadeforebyggjande trening tilpassa volleyballspelarar.
- Sunnfjordånden.
- Minitrenar-kurs
