Beachvolleyball

Vi beklagar at linja Beachvolleyball ikkje blir starta opp for skuleåret 2020-21.

Studer gjerne linjeutvalet vårt her!

Fakta om linja

  • Kanskje Norges finaste sandhall?
  • Oppvarma sand heile året
  • Styrketrening og funksjonell trening
  • Proff ballkanon for effektiv trening
  • Treningsstudio
  • Brasiliansk topptrenar
  • Samarbeid med volleyball-linja
  • Muligheit for å spele inne-volleyball
  • Varierte sand- og strandaktivitetar
  • Andre beach-idrettar
  • Studietur til Brasil

Det er få muligheiter i Norge for den som har lyst til å trene beachvolleyball heile året. På Sunnfjord Folkehøgskule kan du det!

Dette kan vi love er unikt. Du skal trene sandvolleyball i heilårs oppvarma sandhall med eksperttrenar frå Brasil, og du får oppleve mange andre aktivitetar både i vakre Sogn og Fjordane og i Brasil. Denne linjas har stort fokus på meistring og passar for alle som har lyst å utvikle fysiske, tekniske og mentale ferdigheiter.

Her kan du sveipe og sjå bilete frå trening i sandhallen.

I løpet av året blir det arrangert sandvolleyballturneringar der vi inviterer elevar frå andre linjer og andre skular eller klubbar. Førde er kjent for å va vore veldig ofte på pallen i NM med både herre- og damevolleyball.

Du får også muligheit til å trene, spele og konkurrere innandørs saman med volleyball-linja, som igjen har eit samarbeid med Førde VBK.

Studietur til Brasil

Du skal oppleve det landet som har beachvolleyball i blodet. Brasil er eit paradis for sand- og vannaktivitetar!

I Natal skal vi ha fokus på vannaktivitetar, som surfing og standup paddling. Vi skal oppleve annan kultur, mat og miljø enn i Rio de Janeiro. ,Der blir det fokus på beachvolley, trening og turneringar med lokale folk, og vi besøker nokre av de meste berømte turistattraksjonane i verda, som Sukkertoppen og Jesus-statuen. Les meir om Brasil-turen her.

Sunnfjordhallen – nesten som eit varmt land

Det er ikkje alle som har verken råd eller andre muligheiter for å reise til eit varmt land og trene om vinteren. Då har vi eit bra alternativ i vår heilårs oppvarma sandhall med 2 offisielle baner og 40 cm sand frakta frå Danmark.

Dessutan har du fordelen av eit miljø der du kan få venner for livet, du kan dyrke dine interesser saman med andre som deler din lidenskap, og du kan ha fordeler av å kunne samarbeide med volleyballinja, som er Norges største blant folkehøgskulane gjennom mange år. Volleyballinja har som mål i gjere det bra i NM for vidaregåande skular.

Hallen har også ein klatrevegg på 12 meter. Du kan også ta brattkort dersom du likar å klatre.

Ved fint ver har kan vi også trene ute. Hafstadparken har mange baner og fine forhold.

Andre aktivitetar

Du får muligheit til å spele innevolleyball saman med volleyballinja etter avtale. Dette kan bli aktuelt f.eks. innimot kvalifisering til skule-NM.

Ulike aktivitetar er med å utvikle eigenskapar vi også bruker i sandvolleyball, og omvendt. Dette er utenholdenheit, spenst, hurtigheit, bevegelggheit, balanse, reaksjon, romorientering,  auge-hand og auge-fotkoordinasjon, tilpassa kraftinnsats og muskulær spenningsregulering.

I tillegg til mykje trening i beachvolleyball får vi også oppleve andre idrettar og aktivitetar i nærområdet og i Brasil, som klatring, surfing, beach tennis, footvolley, stand-up paddling og meir.

En spennande måte å bli verdensmeister i eige liv på. Gjennom våre aktiviteter og turar skal vi utvikle sosiale ferdigheiter ved å være i eit felleskap med respekt, samhald og engasjement.

Ustyr

Hallen er utstyrt med profesjonell servekanon som gjer treninga meir effektiv og variert.

Er eg god nok?

Du kan gjerne vere nybegynnar, eller du kan vere aktiv spelar frå før. Dei fleste har bakgrunn frå innevolleyball,noko som gir eit godt grunnlag. Det viktigaste er å ha glede av å trene fleire gonger i veka.

Besøk av verdensstjerner!

Vi har hatt besøk av to av våre store internasjonale sandvolleystjerner Anders Mol og Mathias Bertnsen!

Fleire av våre elevar fekk den store æra av å spele saman med dei i sandhallen vår. Vi håper å få til eit opplegg også neste skuleår der dei kan vere ein periode og trene med våre elevar på Beachvolleyball-linja.

Like etter dette besøket blei Anders Mol kåra til verdas beste sandvolleyballspelar av Det Internasjonale Volleyballforbundet, og saman med sin faste makker Christian Sørum blei dei kåra til Årets lag på Idrettsgallaen 2019.

Dette er frå Studietur til Brasil.

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert.

Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr, og du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Kanskje Norges finaste sandhall?
  • Oppvarma sand heile året
  • Styrketrening og funksjonell trening
  • Proff ballkanon for effektiv trening
  • Treningsstudio
  • Brasiliansk topptrenar
  • Samarbeid med volleyball-linja
  • Muligheit for å spele inne-volleyball
  • Varierte sand- og strandaktivitetar
  • Andre beach-idrettar
  • Studietur til Brasil

Vi reiser til

Daniel Lira

Linjelærar på Beachvolleyball

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.