GrønFoto

Fakta om linja

  • Adobe Photshop
  • Adobe Premiere
  • Printing på Epson 9900
  • Utstilling
  • Portrettfoto
  • Reportasje
  • Natur og landskap
  • Kunstfoto
  • Dronefoto
  • Vestlandsnatur, bre, fjell og kyst
  • Svalbard

Tenk deg eit år der du utforskar den vakre og ville naturen med kamera på ein måte du aldri seinare vil få moglegheita til. Saman reiser vi til spektakulære Svalbard og vi oppsøker reisemål på Vestlandet frå kyst til bre. 

Gjennom eit år på denne linja lærer du å bli ein betre fotograf, du lærer deg sjølv å kjenne og ikkje minst, du får venner for livet med dei same interessene som deg.

Elevar anbefaler

Det å gå på Fotolinja har vært en utrolig opplevelse med turer og eventyrer som jeg aldri kommer til å glemme. Jeg har fått mange gode venner og har fått opplevd så mye. Med å gå på Sunnfjord folkehøgskule så har jeg lært mye mer på 1 år enn å gå 2 år på videregående.

Its a gift to us that we got a teacher with such knowledge and experience. He´s more practical and has his own way of teaching wich is really interesting and easy to learn. its very fun and am enjoying my photo class a lot.

Da jeg begynte på fotolinja gikk jeg fra å ha null erfaring med å ta bilder til å nå ha nådd et mye høyere nivå enn jeg trodde jeg ville gjøre på så kort tid. På linja får vi selv være med å bestemme hva vi ønsker å gjøre og lære, noe som skaper stor interesse for foto.  I tillegg har  fotolinja vært et eventyr hvor jeg har fått gode venner og dratt på spennende turer.

Hei, jeg er Karoline, elev på fotolinja på Sunnfjord Folkehøyskole. Dette har hittil vært et helt fantastisk år. Læreren vår har mye kunnskap og klarer å legge alt han har å lære bort til oss med både humor og glede.

Ei linje for alle

GrønFoto tilbyr noko for deg som har lyst å lære og oppleve i samspel med naturen og andre menneske.  

Skulen har alt utstyr du treng for å gå på linja. Det er ingen krav om førehandskunnskapar eller erfaring. Kvar og ein av elevane får tett oppfølging av oss på skulen og saman skapar vi minner du aldri vil gløyme. Du får opplæring i droneflyging og dronefoto.

Samarbeider med fleire linjer

Fotolinja har oppdrag saman med fleire av linjene, f.eks lage musikkvideo for danselinja, foto-shoots både i studio og på lokasjon med volleyballinja. Det hender at fotoelevar er med på turar saman med andre linjer for å lage foto- og filmproduksjonar.

Dette utstyret får du låne av skulen

  • Storformat fotoprinter
  • Analogt mørkerom for svartkvit
  • Fotostudio (Broncolor)
  • Kamera (Sony, Nikon, Hasselblad, Canon, Bronica)
  • iMac 27″
  • Alle får Adobe-pakken for eitt år
  • Droner (Inspire1, Mavick Pro)
  • DJI Romin SC, M stabilisator for film

Sveip i bildeserien!

Svalbard som reisemål

Saman set vi også kursen for magiske Svalbard. Øygruppa ventar på oss med spektakulære natur- og fotoopplevingar. Vi skal på ekspedisjonar ut i villmarka og kanskje får du sjå isbjørn gjennom fotolinsa 

I tillegg skal vi ha ein litt lengre tur på vestlandskysten der vi reiser rundt i ei veteranskøyte. Det blir strandhogg med overnatting i telt på ubebudde holmar og enkelte netter overnattar vi på dekk. Vi skal besøke ukjende småstader der det knapt bur folk, og vi skal oppleve naturen på sitt aller vakraste. Du får også lære litt om navigering og båtliv.

Sterke opplevingar

Ei anna stor oppleving blir når vi i løpet av skuleåret legg ut på tokt langs fjordar og kyst på Vestlandet i det over 100 år gamle fiskefartøyet Erkna. 

Vi reiser på dagsturar og overnattingsturar til isbrear inst i fjordane og til dei vakraste sandstrendene ut mot storhavet på Vestlandet. Som elev hos oss bur du praktisk talt midt i naturen og det vil prege skulekvardagen. 

Ut i naturen

Vi skal jobbe med foto i samspel med naturen. Vi skal oppleve og nyte alt det vakre og dramatiske, men vi skal også formidle korleis vi menneske truar naturverdiane rundt oss i takt med klimaendringane. 

Du blir med på å dokumentere, vere kreativ og syne kjensler gjennom video og bilete. Vi skal fly drone, vi skal framkalle våre eigne bilete, vi skal syne fram det vi lagar og vi skal jobbe saman med for å forstå verda og naturen rundt oss betre. 

Tilgjengeleg utstyr

Som elev på linja får du opplæring i fotografisk handverk og teknikkar. Du får lære å bruke alt frå analoge kamera til profesjonelle droner.  

Vi har mykje utstyr på skulen, alt frå Hasselblad-kamera og storformatskrivarar til mørkerom og utstyr for framkalling. Som elev får du tilgang på alt dette for å lære og bruke. 

Alle elevane på linja får Adobe-pakken til fri bruk i 12 månader, verdi 3500,- kroner. 

Her er resultat av studioarbeid:

Sveip i bildeserien!

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert.

Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr, og du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Adobe Photshop
  • Adobe Premiere
  • Printing på Epson 9900
  • Utstilling
  • Portrettfoto
  • Reportasje
  • Natur og landskap
  • Kunstfoto
  • Dronefoto
  • Vestlandsnatur, bre, fjell og kyst
  • Svalbard

Vi reiser til

Linjelærar

Arve Ullebø

Arve Ullebø

Arve Ullebø er lærar på GrønFoto. Han er yrkesfotograf og har 20 års erfaring med faget han elskar. Han har gitt ut fleire fotobøker, hatt mange utstillingar og blir stadig leigd inn som fotograf til alt frå bryllup til reportasjar i media. Arve har brei erfaring både med digital og analog fotografering. Både reportasje og studio. Han er dyktig i filmframkalling og mørkerom, han meistrar digital bildebehandling, og han er ein dyktig filmredigerar. Han er spesielt glad i å vere ute i naturen. Han er sertifisert dronepilot og vil bruke drone i undervisninga for å lære opp elevane i denne spennande måten å ta film og stillbilete.

+47 90478764
arve@sunnfjord.fhs.no
www.ullebo.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.