Spelutvikling

Fakta om linja

  • Grafisk design
  • Animasjon
  • Programmering (Unity og C#)
  • World building
  • Storytelling
  • Samarbeid med E-sportlinja

Denne linja er for alle som har interesse for å utvikle sine eigne spel eller som har lyst på ei karriere innanfor spelutvikling. Du treng ingen forkunnskap!

Du kan få prøve deg som spelutviklar, og du kan få videreutvikle dine ferdigheiter innenfor speldesign. Noko av det viktigaste du må ha lyst til, er å vere nysgjerrig av natur og ønskje å djupdykke ned i det havet av informasjon som fins innanfor speldesign. Her er nokre av dei tinga du vil få oppleve på denne linja:

  • Spelutvikling i både 2D og 3D med Unity3D og Godot.
  • Fordjupe deg i heile prosessen frå konsept til utgjeving av eit spel.
  • Utfordre deg sjølv i eit kreativt miljø.
  • Møte spennande menneske i eit levande fagmiljø.
  • Studietur i Europa, til Konsoll og Global Game Jam.

Det viktigaste er at spelutvikling er noko du har veldig lyst til å prøve ut og utfordre deg i. Vi har også fokus på ein aktiv kvardag og vil bruke noko tid på styrketrening og annan fysisk aktivitet. Blant anna i vår heilårsoppvarma sandhall, der vi kan spele beachvolleyball og andre balspel, og vi kan klatre i veggen som er 12 meter høg. Vi har også naturen rundt oss, og vi har treningsstudio du kan bruke når du vil.

Studieturar på linja

Hovudturen er ei teknologi-reise til Europa. Les meir om den her.

Vi skal på Konsoll i Bergen om hausten, der vi møter mange spennande menneske i bransjen, og delta på foredrag som er nyttige for linja. Dette er ei svært god muligheit til å utvikle nettverk i bransjen, noko som gjer det lettere å finne jobb innanfor bransjen seinare.

Vi reiser også på Global Game Jam i månadskiftet januar – februar. Her er møter vi mange andre menneske med våre interesser. På Global Game Jam er føremålet å utvikle spel over 48 timar basert på ulike tema.

Dette skjer på linja

Du får innføring i ulike verktøy, og vi prøver dei ut i praksis. Gjennom arbeid på linja får du innføring i alt frå konsept til finpuss på spelet ditt. Målet med året er at du skal lage ditt eige spel, anten ålene eller i ei gruppe.

Utstyr du får låne av skulen

  • Moderne og behagelege stolar og bord
  • Moderne og fargerike lokale
  • Lisens til Unity3D
  • Lisens til Adobe program (InDesign, Photoshop, PremierPro m.m)
  • Tilgang til VR utstyr

Utstyr du må ha med sjølv

  • Datamaskin med litt kraft til å programmere spill på
  • Tilbehør til datamaskinen din. (Headset, tastatur, skjerm etc.)
  • Vannflaske

Pris

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert.

Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr, og du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Grafisk design
  • Animasjon
  • Programmering (Unity og C#)
  • World building
  • Storytelling
  • Samarbeid med E-sportlinja

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.