Bli medlem på treningsstudioet vårt!

Dersom du ønskjer å bli medlem og bruke treningsstudioet privat på dag- og kveldstid, så gjer du det slik:

  1. Du må melde deg inn ved å bruke lenka nedanfor.
  2. Du må i tillegg betale inn riktig beløp til kontonummer: 3700.05.10034  Det er 2.500,- for 12 månader eller 1.350 kroner for 6 månader. Heile den bestilte perioden skal betalast under eitt.

Du vil etter nokre få dagar (når vi mottek betalinga på konto) motta ein mail med reglar for trening og anvisning for korleis du hentar låskort, evt kode til dør etc. Den som registrerer medlemsskap må vere over 16 år. Velkommen som kunde på vårt treningsstudio.

NB: skulen sine elevar har fri tilgang til studioet.

Det fins varierte apparat for styrketrening og andre øvingar, og det er  eit eige styrkerom med speglar på veggen.

Mange av linjene på skulen er idrettslinjer, så ein stor del av elevane har undervisning i treningsstudioet.

Bli medlem her

Denne kalenderen viser når treningssenteret er oppteke til undervisning: bookingkalender

Nye brukarar må hente nøkkelkort i skulen sin resepsjon mellom kl 09 og 15 på kvardagar. Ved fornying av avtale, må kortet leverast inn for forlenging av virketida.

Ein må betale kr 100,- ved utlevering av nøkkelkortet. Dette kan du få att ved å levere inn att kortet ved avslutta avtale.

Ved tap av kort må ein betale kr 100,- for eit nytt.

I haustferien, juleferien, vinterferien, påskeferien og den lange sommarferien (midt i mai til ca 20. august) er det ikkje undervisning på skulen. Då er alle tidspunkta til fri disposisjon.

Studioet er oppteke på dagtid til ulike tidspunkt.  Denne kalenderen viser når treningssenteret er oppteke til undervisning: bookingkalender. Der det ikkje er markert med blått er det ledig for trening. Blått betyr undervisning.

OBS: Skulen bruker ikkje treningssenteret i skuleferiane.

  • Opningstid senteret: Måndag – søndag kl 06.00 – 23.30. Treningssenteret er ubemanna.
  • Aldersgrense for teikning av medlemsskap, samt bruk at senteret er 15 år.
  • Kun bruk innesko i treningssenteret.
  • Vask treningsapparata og utstyret etter bruk med desinfeksjonspray som er på senteret. Ha gjerne med eige handkle til å tørke av utstyret med.
  • Treningssenteret er eit stillegym. Det er ikkje lov å slippe vekter ned på golvet eller å spele høg musikk, bruk øyrepluggar.
  • Medlemsskapet er personleg, utlån av nøkkelkort til ikkje- medlemmer, gjer at medlemmen mister sitt medlemsskap.
  • For å sjekke om treningssenteret er oppteke til undervisning på dagtid, sjekk denne lenka: https://www.supersaas.com/schedule/SFH/Treningsstudio
  • Kontaktinformasjon om det skulle vere noko: 90619770. 
Sunnfjord Folkehogskole Treningsstudio1