CV

Daniel Lira

Daniel Lira er frå Rio de Janeiro i Brasil. Han har lang erfaring som trenar i Brasil og i Norge.

I Brasil har han jobba som assistenttrenar for landslaga til Norge, Brasil, Tyskland, USA. I Norge har han jobba som landslagstrenar mellom 2010 og 2013 før han begynte å jobbe på Sunnfjord Folkehøgskule i 2014.

Sine største merittar som trenar er en 9.plass på European Universities Beach Volleyball Championship, Portugal. 1. og 2. plass i Norge på både kvinner og menn. 1. plass i Sør-Korea, (exhibition-turnering), 2. plass i EM, Kypros, og 3. plass i EM, Romania.

I tillegg har han utdanning i Yngre ledere i idretten, Norges Idrettshøgskole og Norges Idrettsforbund; Bachelor i idrettsvitenskap med spesialisering i coaching, trening og idrettspsykologi; Kurs i sandvolleyballtrenar nivå I, Brasiliansk Volleyballforbund.

Daniel viser omsorg for elevane

Når du veks opp i Rio de Janeiro i Brasil, så er strand og strandaktivitetar ein del av livet ditt. Det har han tatt med seg til Sunnfjord Folkehøgskule, og han har vore med å skape vår eiga strand i sandhallen vår. Daniel har bakgrunn som beachvolleyballspelar og trenar. Han har reist mykje og trent fleire beachvolleyballspelarar på ulike nivå.

Skal vi beskrive Daniel så må det vere at han er engasjert og kreativ. Han har ein lidenskap for beachvolleyball, surfing, strand og havet.  Samtidig er han opptatt av miljø, noko som kan føre til at du ser han gå rundt og rydde ei strand til ulike tidspunkt. Det er ikkje berre miljøet han viser omsorg for, men også for sine elevar han er lærar for. Dette kombinert med faglig dyktighet gjer han til den perfekte beachvolleyball-lærar.


Sagt av Mia Solheim, elev

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.