CV

John Sverre Aarseth

John Sverre er lærar på volleyballinja. Han har vore både elev og miljøarbeidar på skulen for mange år sidan.

Han har idrettsutdanning frå USN og NVFB si trenar 3-utdanning. Då John Sverre var aktiv, spelte han for ulike klubbar i 1.divisjon og eliteserien. Dei siste åra har han jobba på som lærar på vidergåandeskule innan idrett og kroppsøving før han i 2019 kom tilbake til Sunnfjord.

Han ser deg som den du er og gir mykje av seg sjølv

Eg må innrømma at John Sverre er ein av dei beste lærarane eg har hatt nokon sinne! Han er svært flink til å få fram det han meiner må forbetrast, og entusiasmen hans for sporten er heilt utan like! John Sverre er også ein lærar som gir mykje av seg sjølv, noko som gjer linja og året her ved Sunnfjord heilt uforgløymeleg!

John Sverre er ein svært overkvalifisert lærar. Han er utdanna treningslærer og har eit årsstudium i sosiologi, samtidig kan han visa til masse erfaring som libero spelar i både elite, 1.divisjon, 2.divisjon, 3.divisjon, ja, faktisk alle norske divisjonar! Med andre ord så er nivået høgt, noko som gjer at alle utviklar seg både som spelar og som menneske når dei har John Sverre som trenar og lærar.

Eg trur verkeleg at alle som har hatt John Sverre som trenar kan sei at det er ei heilt fantastisk oppleving, han ser deg som den du er og hjelper deg med dine behov. John Sverre er kort og godt ein viktig faktor til at folkehøgskuleåret her ved Sunnfjord er kjempefint!


Sagt av Alexander McColl Haugseth, elev

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.