Miriam Førde

Miriam Førde også kjent som Danse-Miriam er ei sprudlande dame med masse positiv energi. Dette er dama som trur at alle kan klare alt, og ho let seg smitte av elevsnr sin entusiasme. Det er sjeldan at ein beskriver tilsette som kule, men Miriam er unntaket. Det er få andre som ville funne på å ha juledekorasjonar i øyre og hår heile desember, og ho kler det.

Ellers gir Miriam av seg sjølv langt over arbeidstida og strekker seg langt for alle som trenger ein å prate med. Ho er ein fantastisk samtalepartner, som både har forståing og respekt for det du har å dele, men også får deg til å sjå fleire perspektiv. Miriam er ein fantastisk dansar og eit forbilde når det gjeld talent og danseglede. Vi har stor respekt for denne godhjarta og til tider crazy dama.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.