CV

Vitor Macedo

Vitor Macedo er både ein av dei fremste spelarane i Norge i dag, og han er ein dei fremste trenarane også. Han skal ha ansvar for den fysiske treninga på volleyballinja frå komande haust.

Han er trenar for både U19-landslaget jenter og Førde Volleyballklubb sitt elitelag damer, og nytt av året er at han også skal jobbe som assisterande trenar for landslaget senior damer. Han har hausta fleire NM-medaljar, og i år blei han også kåra til Norges beste oppleggar.

Han kom først frå Brasil til Norge som elev på volleyballinja vår i 2009, før han etter ein sesong med Oslo Volley forlot landet og slo seg ned i Canada for å satse på volleyball. I 2017 blei han henta til Førde Volleyballklubb som spelar og kaptein på herrelaget og som trenar for damelaget. I første omgang var planen kun å vere i Førde i eitt år før han skulle tilbake til Canada igjen. Men slik gjekk det ikkje.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.