Australia og Sri Lanka – Sport Adventure
Sport Adventure-linja reiser til Australia og Sri Lanka.
Australia
Australia er eit nydeleg land med eit fantastisk folkeslag. Her har du mange vakre strender, flott natur, eit rikt dyreliv og eit behagelig folkeslag. Vi pleier å reise til Brisbane fyrst og besøker ulike plassar på austkysten før vi ender opp i Sydney.
På denne turen skal du få vere med på ulike aktivitetar og opplevingar. Surfekurs, møte med australske dyr, fjelltur til Blue Mountain, grottevandring i Jenolan caves, padle kajakk ilag med delfinar, du skal få oppleve storbyliv i Brisbane og Sydney, men også dei små sjarmerande plassane langs austkysten som til dømes Byron Bay.
Sri Lanka
Vi avsluttar reisa på Sri Lanka. Heile skulen har fellestur til Sri Lanka, og vi møter resten av skulen der og blir med på fellesopplegget.
Vaksine: Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.
Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.
OBS: Det kan oppstå endring i planane for utenlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Også lengda på reisa kan bli endra.
Det kan også oppstå endring i pris av same årsaker.
Slike årsaker kan vere valutaendring og lokale forhold på reisemålet.