Beachvolleyball til Brasil

Rio de Janeiro

Rio de Janeiro er den mest besøkte byen på den sørlege halvkula. Den har ei rekke kjende landemerke, t.d. Kristusstatuen på Corcovado, fjelltoppen Pão de Açúcar (Sukkertoppen), fotballstadionet Maracanã og Sambadromen. Den er også kjend for det vakre landskapet den er omgitt av og for sine mange strender, som CopacabanaIpanemaLeblon og Barra da Tijuca. I februar kvart år finn verdas mest berømte karneval stad i Rio. Musikksjangeren bossa nova stammar også frå byen.

Copacabana

er en bydel i Zona Sul i den sørlege delen av Rio de Janeiro i Brasil. Bydelen er kjend for si fire km lange strand. Der er her vi skal bu og ha alle sandvolleyballøktene, turneringane og treningskampane mot lokale spelarar.

Her kan du sveipe i videoar om Rio!

Pipa og Praia do Madeiro, Natal

Pipa Beach (eller Praia da Pipa på portugisisk) er ei av Brasils mest kjente strender. Den ligg rett ved sida av Natal, hovudstaden i delstaten Rio Grande do Norte.

Pipa Brazil har også nokre av dei finaste strendene langs solkysten i landets nordaustlege region. Med den varme tropiske sola, rein luft og godt ver heile året, er det ikkje rart at det er ein turistfavoritt. Denne byen med klipper, laguner og perfekte bølgjer ligg berrre ein time unna Natal og er mykje nærare Afrika enn Sør-Brasil!

Du finner strender på begge sider av byen. Den har ei rekke spektakulære landskap av svart vulkansk stein, naturlege basseng, svaiande palmer og rosa klipper. Strendene tilbyr mange timar med fascinerande utforsking fordi de fleste av dei er tome for folk og miljøverna.

Praia do Madeiro

Sannsynligvis den mest berømte stranda i Pipa. Ikkje berre er den svært vakker, den tilbyr også mange aktivitetar for dei besøkande. Her vil vi prøve surfing, kayak og stand-up paddling i samarbeid med Evolution Surf School.

Denne stranda er eit vakkert scenario med delfinar og skilpadder, perfekt for å surfe for alle nivå, lett å kome til.

Her kan du sveipe i videoar om Pipa!

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.