Brasil

Volleyball , Beachvolleyball og Dans Idrett reiser på studietur til Brasil.

Linjene har fagleg opplegg som du kan lese om lenger nede, og dei har sightseeing med dei beste reisemåla byen har å by på.

Volleyball-linja

Du skal oppleve det landet som har beachvolleyball i blodet. Brasil er eit paradis for sand- og vannaktivitetar!

Det blir også turneringar i innevolleyball, og det vi skal utforske byen og dei store opplevingane.

Dans Idrett

Dans Idrett skal lære å danse samba, Capoeira, Merengue. Her vil vi ha litt meir fokus på sandidrett og aktivitetar i sjøen.

Vi trener daglig både på stranda Copacabana og i sjøen med blant anna surfing, Stand up surfing, dykking. Vi deltar på ulike utflukter der vi får mange inntrykk frå ein heilt annan kultur. Dette er ei reise som gir deg minne og erfaringar for livet.

Carol Villenova som har workshop i samba for klassen. Ho er profesjonell sambadansar og svært dyktig dansar og pedagog.

Beachvolleyball

Du skal oppleve det landet som har beachvolleyball i blodet. Brasil er eit paradis for sand- og vannaktivitetar!

I Natal skal vi ha fokus på vannaktivitetar, som surfing og standup paddling. Vi skal oppleve annan kultur, mat og miljø enn i Rio de Janeiro. ,Der blir det fokus på beachvolley, trening og turneringar med lokale folk, og vi besøker nokre av de meste berømte turistattraksjonane i verda, som Sukkertoppen og Jesus-statuen.

Vaksine: Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

OBS: Det kan oppstå endring i planane for utanlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Også lengda på reisa kan bli endra.

Det kan også oppstå endring i pris av same årsaker.

Slike årsaker kan vere valutaendring og lokale forhold på reisemålet.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.