Fuerteventura med dans og idrett

På Fuerteventura på Kanariøyane skal vi ha danseklasser og workshops.

Vi bur i Las Playitas som er ein treningsresort med topp moderne utstyr og fasiliteter. Her skal du få velje to aktiviteter kvar dag og valgmuligheten er stor. Fuerteventura er ei av øyene som høyrer til Gran Canaria i Spania. Her er det stabilt klima med mykje sol og varme.

Vi reiser saman med andre linjer på skulen. Studieturane på Sunnfjord Folkehøgskule er alltid inkludert i linjeprisen, måltida på turen også.

Fuerteventura Dans Topp
Fuerteventura Dans Topp
Fuerteventura Dans Topp
Fuerteventura Dans Topp
Fuerteventura Dans Topp

Vaksine

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

OBS: Det kan oppstå endring i planane for utanlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Også lengda på reisa kan bli endra.

Det kan også oppstå endring i pris av same årsaker.

Slike årsaker kan vere smitteforhold, valutaendring og lokale forhold på reisemålet. Det kan også vere at gruppa blir færre enn normalt.