S/A - tierturnering i Europa

Bli med og opplev CS på aller høgaste nivå, og ver ein del av den utrulege atmosfæra! På E-sport aktiv vil vi i løpet av året reise på ei stor turnering der lag frå heile verda knivar om store premiepengar og mogelegheita til å løfte trofeet framfor tusenvis av fans. Her vil vi også utforske lokal kultur og prøve oss på aktivitetar som utfordrar og passar dei fleste!  

 
Det er slik at datoane for dei store turneringane blir sleppt litt seinare enn det folkehøgskolar klarer gje ut av informasjon, men vi på E-sport Aktiv tar sikte på å få med oss èi slik turnering per år. Dermed er det klart at destinasjonen vil være ulik frå år til år, og at vi er fleksible på kva turnering det blir og kva reisetidspunktet vert.