Sri Lanka – fellestur for alle linjene

I februar reiser heile skulen samla *) til Sri Lanka. Ein del av opphaldet har linjene eigne aktivitetar, og ein del er alle elevane samla om felles opplevingar.

Sri Lanka – faktisk kåra til verdas beste reisemål i fleire år

Siste: Sri Lanka blei nettopp kåra til verdas beste reisemål for 2019 av Lonely Planet! Så flott at vi skal dit. Som om ikkje det er nok, så blei landet kåra til beste reisemål også i 2013!

Nettstaden BloombergPursuits plasserer Sri Lanka på topp blant dei 20 beste reisemåla for 2017! Klikk på biletet under for å sjå fleire fine bilete frå Sri Lanka!

Det må vere noko dei har oppdaga, akkurat som vi.

Sri Lanka har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og fargerike og flotte folk.

Vår søsterskule Kamam Folk High School

Og vi finn ikkje minst vår søsterskule Kamam Folk High School, Det er faktisk viktigaste grunnen til at vi reiser dit, sidan det er skulen sitt bistandsprosjekt.

Det er ein skule som Sunnfjord Folkehøgskule var med og starta opp i 2014. Dei ligg på austkysten av øya, der borgarkrigen sette djupe spor etter seg, og der det er veldig viktig at ungdom får muligheitene til å vere saman for å lære om viktige ting i livet utan karakter- og eksamenspress. Dei har plass til vel 30 elevar. Vi skal besøke dei på turen vår. Her kan du lese om opninga >

Her kan du sveipe bilete frå besøket i 2019:

Andre attraksjonar

Vi skal også besøke Sigiriya-klippa, som står på Unesca si verdsarvliste. Vi skap besøke nasjonalpark der vi kan sjå ville elefantar, aper og mange fleire dyr. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Strandidrettar, surfing og andre aktivitetar er lett tilgjengelege. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, og vere i ro og vere saman. Dette blir jo truleg det sosiale høgdepunktet i løpet av skuleåret.

Ikkje minst skal vi på elefantsafari. Den kan du lese meir om her.

*) OBS: Alle linjene kan eller skal reise på denne turen! Les her korleis

Linjene Peacemaker og Surfing Beachsport har sitt eige opphald på Sri Lanka, som er vesentleg lengre. Dei vil vere saman med dei andre elevane på fellesopphaldet. Denne turen er inkludert i prisen på desse to linjene.

Linja Foto Video Animasjon kombinerer denne turen med nokre dagar i Dubai. Denne turen er inkludert i linjeprisen.

Linjene Sport Adventure, Villmarksliv og Topptur reiser til andre reisemål (les på linja) og avsluttar sine turar på Sri Lanka saman med alle elevane på fellesopplegget. Turen inngår i desse linjene sine turar og er altså inkludert i linjeprisen.

Linjene Volleyball, Kampsport, E-sport aktiv og Dans Idrett Brasil tilbyr denne turen som påmeldingtur. Dei må melde seg på ved starten av skuleåret. Turen er altså frivilig for desse linjene – men svært anbefalt.

Vaksine: Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

OBS: Det kan oppstå endring i planane for utenlandsturane av ulike grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Også lengda på turen kan bli endra.

Det kan også oppstå endring i pris av same årsaker.

Slike årsaker kan vere valutaendring og lokale forhold på reisemålet.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.