Fortløpande om virus-situasjonen på Sunnfjord Folkehøgskule

7. april:

Oppdatering 19:45

Skulen blir stengt ut skuleåret

Hei gode sunnfjordelev 

Meldinga vi fekk no i ettermiddag var ikkje kjekk. Alle folkehøgskular vil vere stengt fram til sommaren. Vi vil likevel halde fram med morgonsamlingar og digtial undervisning. Eg vil oppfordre alle til å vere med på og delta på dette.  

Henting av eigendelar 

Det betyr at folk må kome og hente sakene sine etter kvart. Slik situasjonen no er har skulen ikkje høve til å invitere til hentedagar. Det vil vere folk rundt skulen heile påska, så om nokon ynskjer å kome og hente alt no høver det fint. Dei som har langt å reise kan overnatte på romma sine. Kjøkkenet er stengt så ein må ha med eigen mat. Før de kjem vil eg ha melding slik at vi har kontroll på at ikkje for mange kjem på same tid 

Når de no kjem og hentar kan de lett møte andre som er i same erend. Viktig at vi hugsar på dei generelle smittevernreglane, ikkje klemmer/handhelsar og held to meter avstand. 

Elevbetaling 

Skulle gjerne gitt dokker eit svar på korleis vi vil gjere det. Vi venta med vilje med å sende ut april faktura før påske. Folkehøgskulerådet og departementet arbeider med ei løysing som skal ivareta både de elevar og oss skulane, så vi må framleis smørje oss med tolmod. 

Var dette alt dette året 

Folkehøgskulerådet kjem med tolkingar og tilrådingar til oss i morgon. Sjekk  heimesida i morgon også for meir informasjon. 

 

Frå Regjeringen.no : 

Åpner ikke folkehøgskoler 

Regjeringen har besluttet at folkehøgskoler ikke åpnes igjen før sommeren. Det begrunnes i at de om lag 8000 berørte elevene kun har noen få uker igjen av skoleåret, og kan fullføre med fjernundervisning. Dette vil hindre smitte når elever reiser frem og tilbake til skolene. 

Etter 27. april vil 5. – 10. trinn og øvrige trinn og utdanningsprogrammer i videregående skole inntil videre fortsatt være stengt. 

Regjeringen vurderer løpende hvilke trinn som kan starte på skolen og det er et mål at alle skal komme tilbake til skolen før sommerferien. Det skal lages en plan for når de ulike trinnene kan starte med undervisning basert på råd fra helsemyndighetene. Hensikten er å sørge for at alle skoler er godt forberedt når elevene skal tilbake. 

Veilederen og kompetanseopplegget skal være klare henholdsvis 16. april for barnehager og 20. april for skoler. 


24. mars:

Oppdatering 18:20

Skulen vidare stengt til 2. påskedag

Hei gode Sunnfjordelev og føresette

Då har eg nett høyrt statsminister og helseminister kunngjort at alle skular skal vere stengt til over påske. Det vil då også gjelde Sunnfjord Folkehøgskule. Eg vil oppmode alle om å slutte opp om regjeringa sine påbod og reglar i denne perioden. Vi er alle med på ein dugnad i å halde korona-sjukdommen under kontroll, sjølv om vi skulle ønske at vi kunne møtast.

Følg undervisninga

Linjelærarane er godt i gang med å skape digitalt samhald på linjene med daglege opplegg. Eg oppmodar alle elevane til å ta del i det. Kvar morgon har vi også morgonsamling kl. 10.00. Mange har vore innom følgt med, men framleis er det plass til fleire. Der vil det også vere fellesundervisning på Facebook til gitte tider. Følg med på Itslearning-kalenderen veke for veke. Linjene har eigne avtalar om korleis undervisninga skal skje.

Det er også undervisning på laurdagar. 10 til 14.

Viktig om globalløpet

Førstkommande laurdag skal vi ha Globalløp til inntekt for Kamam Folk High School. Alle skal i løpet av dagen ha motteke ein e-post med info. Sjekk også Sunnfjord Folkehøgskule-sida på Facebook. Blir spennande å sjå om vi klarer få til eit desentralisert Globalløp. Det er noko vi aldri har prøvd før. Det er opp til oss alle å få til.

Spørsmålet om elevbetaling

Eg har forståing for at mange av dokker er utolmodige i ei avklaring rundt elevbetaling i denne perioden. Folkehøgskulerådet har sterkt oppmoda alle skulane om å gå i takt i denne saka. Vi vil kome attende med ei avklaring så snart Folkehøgskulerådet kjem med felles reglar for alle folkehøgskulane. Det som er avklart er at skulane får behalde statstilskotet til lærarar og at elevane får behalde stipend og studielån. Så ber vi om tålmod rundt spørsmåla om refusjon av utgifter.

Regjeringa har varsla at dei vil kome med ny informasjon om smitte-tiltaka onsdag 8. april. Vi ventar i spenning og håper at vi kan starte opp att etter påske.

Helsing Jon Olav Leira

rektor


22. mars:

Oppdatering 11:45

Resten av elevane reiser heim i dag

Unntaket er nokre få elevar som ikkje har andre plassar å reise til, og ein elev som har karantene til tysdag.

Fjernundervisning

Skulen er pålagt å ha tilbod om undervisning via internett for alle elevane.

Elevane får behalde Lånekassen sin stønad, og det er forventa at alle følgjer undervisninga så godt ein kan.

Kjernetida for undervisning er 10:00 – 14:00 mandag – laurdag. Kvar dag startar med morgonsamling. Elevane må følgje med på facebook-gruppa for beskjedar. Kalenderen på ItsLearning viser vekeplanen.

Positive trekk

Det er per i dag kun åtte smitta i Sunnfjord Kommune, ingen innlagde og ingen døde.

Kommunen opphever i dag ei av dei strenge karantenereguleringane. Den innebar at alle innbyggarar som kom hadde besøkt andre fylke og regionar måtte i karantene. Oppheva frå i dag. (Men skulen får dessverre ikkje lov til å opne.)

Det kan du lese meir om her.


17. mars:

Oppdatering 13:00

Undervisning i unntakstilstanden

Helsing frå assisterande rektor Arne:

Kjære elevar! Dette er uvirkeleg. Dei fleste er heime utan å ønskje det, og ein del er på skulen i karantene utan at vi kan vere saman på vanleg måte. Men vi må hugse at mange ting kunne ha vore verre. Etter det eg kjenner til er alle våre elevar og tilsette framleis like friske som vi ville vore utan epidemien. Sunnfjord Kommune har kun tre smitta pr i dag.

Skulen er pålagt å ha aktivitet så langt det lar seg gjere. Det vil elevane merke ved at lærarane med det aller første vil sikre kontakt med kvar enkelt i sin klasse, og aktivitetane vil finne stad på avtala plattform til avtala tider. Det er veldig viktig at elevane følgjer med på dette fordi det vil kunne løfte oss opp i fellesskap og gje kvardagen litt meir glede! Her som elles i denne rare tida er det viktig å mobilisere vi-perspektivet og solidariteten.

Eg kjem til å ha ei morgonsamling frå mitt heimekontor i morgon onsdag kl 10:00 på vår felles lukka facebook-gruppe. Fint om vi alle kan vere der då! Og gjerne dele ein tommel eller andre fine emojis.

Vi kjem med fleire viktige innspel fortløpande og dagleg! Elevane må følgje med på facebooken.

Her du er no legg vi ut litt for familie, tanter og kattar.


16. mars:

Oppdatering 20:15

Om elevbetaling under stenging av folkehøgskular

Eg sit på kontoret mitt og saknar de av elevane som sit heime og ikkje får vere her på skulen . De har gjennom hausten og vinteren vore med på skape eit uforgløymeleg første år som rektor for meg. Eg håpar av heile mitt hjerte at de kan kome attende til skulen søndag 29. mars. Det er likevel enno for tidleg å fastslå, slik situasjonen no er kjem det dagleg nye forskrifter og meldingar.

Alle leiarar og elevar undrar seg over korleis vi skal ordne det med elevbetaling i denne situasjonen. Skulane fekk i dag tidleg rundskriv nr. 09/20 frå Folkehøgskulerådet der vi blir oppmoda om å sende ut neste faktura som normalt, men at det må kome ei avrekning til slutt.

Helsing frå Jon Olav

Folkehøgskulerådet:

«Folkehøgskolerådets råd til skolene er å gi informasjon om at avregning vil finne sted når bildet av hele situasjonen er klarere.»


15. mars:

Saka er oppdatert 11:30

Flytider for Australia-gruppa

Vi har den store gleda å presentere flybilletten for Australia-gjengen som snart er på veg heim:

Avreise Sidney 15. mars 21:25 (lokal tid)

Avreise Dubai 16. mars 07:45 (lokal tid)

Ankomst Gardermoen 16. mars 12:00. Sjå etter Emirates EK 159.

I følgje Helsedirektoratet er det greitt å ta offentleg reisemiddel heim frå flyplassen (sjå biletet).

OBS: Ingen kan reise til skulen slik situasjonen er no.


14. mars:

Oppdatering kl 13:45

Gruppa som er i Australia kjem heim

Takka vere ein god jobb ved Travelnet Fjordane Reisebyrå så er heile gruppa som no er i Australia booka om på tidlegare fly.

Vi veit ikkje meir pr no enn at dei er venta å lande på Gardermoen på måndag. Vi beklager at vi opplyste feilaktig om søndag tidlegare i dag.

Så snart vi har meir info vil det bli lagt ut.


13. mars:

Oppdatering kl 17:15

Læraren som var mistenkt smitta testa negativt

Vi er glade for å melde om at læraren som hadde sjukdomssymptom etter Sri Lanka-turen har testa negativt på Korona-viruset.

Det betyr at dei som har vore saman med vedkomande ikkje er utsett for smitterisiko.


 

12. mars:

Oppdatering kl 18:25

Orientering om Korona ved Sunnfjord Folkehøgskule pr. 12.mars.20

Den 12.02.20 kl. 14.00 gav statsminister Solberg og helseminister Høie melding om at alle landet sine skular og barnehagar skulle stengast i 14.dagar. Det må og gjelde Sunnfjord Folkehøgskule. Elevar ved skulen som ikkje har vore på utanlandsreise vart av den grunn bedne om å reise i heim i dag.

Nokre reiste, andre ventar til i morgon av praktiske årsaker.

Karantene

Alle som har vore utanfor Norden sidan 27. februar blir pålagt karantene i 14 dagar med tilbakeverkande kraft. Det tyder at gruppa som var i Sri Lanka vil bli haldne her på skulen til søndag 22.mars. Dei vil få tilbod om alternativt opplegg heile veka.

Mogleg smitte på Sri Lanka

Onsdag 11.mars kveld fekk eg melding om at nokre av oss på ei utflukt onsdag 26. februar var nær ein mann som i dag er korona-smitta. Vi snakka ikkje med han eller helste på han. Vi kan heller ikkje hugse at han hosta. Kommunelegen kallar dette møtet for ein lågrisiko situasjon. Ein av lærarane har blitt sjuk undervegs på turen. Det er grunn til å tru at det er «aircondition-sjuka», men ho er i dag testa og svaret på testen kjem fredag 13. mars på slutten av dagen. Informasjon om testresultat vil bli lagt ut på Facebook og på heimesida i morgon, så snart resultatet er klart.

Vis varsemd

Eg vil på generelt grunnlag åtvare dei som reiser heim om å vere i kontakt med sårbare grupper. Fordi dei har vore i kontakt med ei gruppe som er i karantene og fordi dei har reist med offentleg kommunikasjon noko som i utgangspunktet no er ein risikosituasjon.

Når opnar skulen igjen

Informasjon om når skulen blir starta opp att vil bli gjeve på Facebook og på heimesida så snart det er bestemt.

Eg vil til slutt presisere at alle avgjerder blir tekne i samråd med Kommunelegen i Sunnfjord kommune.

Jon Olav Leira

Rektor ved Sunnfjord Folkehøgskule


Kl 17:00

Skulen sine aktivitetar er inntil vidare stengde

Vi har i dag fått følgjande pålegg frå sentrale myndigheiter:

«Regjeringen har i dag annonsert at alle landets skoler skal stenges med virkning fra kl 18 i dag, 12.03.20. Nedstengningen omfatter også skoledriften ved samtlige folkehøgskoler. Stengingen gjelder foreløpig til 26.03.20».

 

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.