Vi er eit familievennleg og rimeleg overnattingstilbod i Sunnfjord. Her bur du i rolege omgjevnadar i kort avstand til det Førde har å by på. Vi har rom i ulike prisklassar, med eller utan privat bad. Frukostbuffet er inkludert.
Vi har flotte uteområde og eige område for grilling. For den aktive kan vi anbefale ei økt i treningsstudioet vårt eller på sandvolleyballbanene. Eller kva med ein tur til dagsturhytta Gytta? Mogelegheitene er mange.
Førde Sommarhotell ligg ca 2 km frå Førde sentrum. Det er 300 m til haldeplass for bybuss og flybuss. 18 km til Førde lufthavn Bringeland.
Vi tilbyr også utleige av møtelokaler på førespurnad.