Minibussutleige

Skulen har ein minibuss (17 seter) og ein 9-seter som kan leigast etter avtale. Førar må ha digitalt kjørekort for minibussen. Bussane er brukt i den daglege skuledrifta. Det kan difor hende at dei ikkje er nyleg reingjort når dei blir utleigd.

Ta kontakt på e-post: internat@sunnfjord.fhs.no eller ring: 57829960

Minibuss 17 seter

16 personar + sjåfør.

19,00 kr km m/ mva. Minimum pris 2000 kr m/ mva. Førar må ha digitalt køyrekort.

 

9 seter minibuss

8 personar + sjåfør.

11 kr km m/ MVA. Minimum pris 1100 kr m/ mva.

 

Andre vilkår som gjeld for alle køyretøy:

  • Eigenandel ved skade 10 000 kr (vurderast ut frå omfang av skade ved mindre skader).
  • Køyretøy leverast tilbake med full tank
  • Køyretøy er rydda og kosta innvendig før bruk.
  • Bompengar og rushtidsavgift. Leigetakar fører opp dette og blir fakturert desse.
  • Leigetakar dekker parkering og eventuelle bøter sjølv.
  • Dersom det ikkje er full tank når de henta bilen, må tanken fyllast før køyreturen startar. Ta vare på kvitteringa så får de kreditert denne på rekninga. 

Ved leige lenger enn 4 samanhengande dagar må pris avtales utover prisane over.