Førde Sommarhotell

Vi er eit familievennleg og rimeleg overnattingstilbod i Sunnfjord. Her bur du i rolege omgjevnadar i kort avstand til det Førde har å by på.  Vi har rom i ulike prisklassar, med eller utan privat bad. Frukostbuffet er inkludert.

Vi har flotte uteområde og eige område for grilling. For den aktive kan vi anbefale ei økt i treningsstudioet vårt eller på sandvolleyballbanene. Eller kva med ein tur til dagsturhytta Gytta? Mogelegheitene er mange.

Førde Sommarhotell ligg ca 2 km frå Førde sentrum. Det er 300 m til haldeplass for bybuss og flybuss. 18 km til Førde lufthavn Bringeland.

Vi tilbyr også utleige av møtelokaler på førespurnad.

Trykk her for booking!

Inn- og utsjekk

I perioden 1.juni – 23.juni er resepsjonen bemanna/open 08.00-16.00. Utsjekk seinast 11.00. Innsjekk 14.00-16.00. Kjem du seinare enn 16:00, må du gje beskjed. 

I perioden 24.juni – 12.august er resepsjonen bemanna/open 08.00-21.00. Utsjekk seinast 11.00. Innsjekk 14.00 – 21.00.

 

Frukost

Frukost er inkludert, og blir servert i matsalen. Buffeten er open man-fre mellom kl. 07.30 – 09.30 og laur - søn kl. 07.30-10.00.

Busshaldeplass

Haldeplass Rusta, ca 3 min å gå. Både ringbuss og flybuss stoppar der.

Avstand til Førde sentrum

2,5 km til sentrum, 1,5 km til kulturhus med symjehall, kino, bibliotek m.m.

Wifi

Wifi er inkludert og fins på alle fellesareal. Enkelte rom kan ha svak dekning.

Parkering og elbil-lading

Ankomst til Førde Sommarhotell er frå Angedalsveien, opp Skyttarkvia og inn til Solvang. Då kjem du rett til parkeringsplassen, vi har fri parkering og ladestasjon for el- bil. 

Vaskemaskin

Vaskemaskin er gratis.

Treningssenter

Det er fri tilgang til treningssenter.

Stort barnevenleg uteområde for aktivitet

Det er ballplass, to sandvolleyballbaner og grillplass under tak.

Sesong

Førde Sommarhotell deler lokaler med Sunnfjord Folkehøgskule. Vår sesong er difor kun når skulen har sommarferie. Vi har ope frå juni til august.

Kjøpsvilkår

Pris for overnatting er inkludert 12% mva. Sengeklede og håndklede er inkludert i prisen. Frukostbuffet er også inkludert i prisen med ei mva- avgift på 25%. 

 

Avbestilling/kanselering

Avbestilling/kanselering utan omkostningar inntil èin dag før ankomst. Dersom gjesten ikkje møter vil ein bli belasta for den totale prisen for bookinga. Gjesten betalar prisen for den første natta på forskot etter at opphaldet er booka. 

Forde Sommerhotell Uteareal
Forde Sommerhotell Rom6
Forde Sommerhotell Felleskjokken
Forde Sommerhotell Opphaldsrom
Forde Sommerhotell Bad Hc
Forde Sommerhotell Rom5
Forde Sommerhotell Rom4
Forde Sommerhotell Rom3