Dersom du ønskjer å bli medlem og bruke treningsstudioet privat på dag- og kveldstid, så gjer du det slik:
- Du må melde deg inn ved å bruke lenka nedanfor.
- Du må i tillegg betale inn riktig beløp til kontonummer: 3700.05.10034 Det er 2.500,- for 12 månader eller 1.350 kroner for 6 månader. Heile den bestilte perioden skal betalast under eitt.
Du vil etter nokre få dagar (når vi mottek betalinga på konto) motta ein mail med reglar for trening og anvisning for korleis du hentar låskort, evt kode til dør etc. Den som registrerer medlemsskap må vere over 16 år. Velkommen som kunde på vårt treningsstudio.
NB: skulen sine elevar har fri tilgang til studioet.
Det fins varierte apparat for styrketrening og andre øvingar, og det er eit eige styrkerom med speglar på veggen.
Mange av linjene på skulen er idrettslinjer, så ein stor del av elevane har undervisning i treningsstudioet.