Globalkomiteen til Sri Lanka

I midten av januar reiste globalkomiteen til Sunnfjord Folkehøgskule på ein svært vellukka tur til Sri Lanka. Vi var 9 stk som reiste frå skulen, Shehan, Jon Olav som tilsette, saman med elevane Mari, Tobias, Hedda, Johanne, Vetle, Klarence, Sofie, Lucas og Johannes. I tilegg var foreldra til Lucas med og Stein Robert og Hege frå KFUK/KFUM.

Reisefølgje frå Sunnfjord blei tatt svært godt i mot av Ridma Fonseka som er sekretær ved KFUM Pamunugama.

Det vart blant anna arrangert ei spennande kubb-turnering, der over hundre ungdommar frå tre ulike YMCA-lag møtte opp. Sunnfjordingane var veldig imponert over å sjå korleis dei bruker kubb som eit verktøy for å få ungdommar inkludert.  

 

Eit av mange høgdepunkt var besøket på Makalaus Dream School. Her fekk vi oppleve eit verdifulle augneblikk saman med elevar med nedsett funksjonsevne. Vi hadde eit møte med foreldra til elevane på skulen. Temaet var inkludering av elevar med spesielle behov i skulen og samfunnet. Janne Bjorhøvde, mor til Lucas Mavropoulos delte sine erfaringar som mor til ein elev med down-syndrom.

 

Vi var med på en båttur i Negombo-lagunen og opplevde det lokale landskapet. Vetle som er stipendiat ved Sunnfjord Folkehøgskule, heldt eit innlegg om korleis avfallshandteringa fungerer i Noreg, etterfølgt av ein diskusjon om vidare samarbeid for miljøet i Sri Lanka.

 

Tidlegare har globalkomiteen støtta Kamam Folk High School, som er driven av NCY. Vi  hadde eit møte med Niranga Fernando generel sekretær  NCY i Sri Lanka,  der vi hadde ein positiv samtale om Kamam Folkehøgskule. Vi håpar og trur at Kamam folkehøgskule kjem i drift snart. 

 

Alt i alt sit alle igjen ei kjensle at turen var svært  meiningsfull og rik på opplevingar, og som har ført til gode minner for begge partar.  

20240113 181617
20240115 124327