Volleyball vår

Vil du spele volleyball? Hos oss skal du få trene kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring saman med andre.

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Blokkering
Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Seier

Ta sats!

På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.

På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. Vi prøvar alltid å kvalifisere oss med både dame, herre og mix-lag til Skule-NM. Kvalifiseringa skjer gjennom Skule-RM som vert arrangert lokalt i november. I januar er det landsfinale. Dette er Norgesmesterskap for Videregåande skular og Folkehøgskular. Sunnfjord FHS har som målsetting å ta ein eller fleire medaljar i Skule-NM kvart år. Dette har vi oftast klart, og det er vi veldig stolte over!

Kven passar volleyballinja for?

På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball.
Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.
Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!

Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.

Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.

Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

 

Fotograf Nigel Boyce:

Nm1 (1)
Lag 2 (1)
Lag (2)
Nm3 (1)
Nm2 (1)
Nm4 (1)
Nm5 (1)
Praia Do Madeiro
23621237 1444656322298526 2123795242726521412 N

Studietur halvårskurs vår jenter 2023

Benidorm:

I månedsskifte mars – april reiser volleyballinja på treningsopphald i Costa Blanca. Der skal vi bu og trene på Move Your Association. Vi skal få oppleve – og lære av – den spanske treningskulturensom har prega all internasjonal ballidrett i ei årrekke. Linja reiser saman med Beach og Volleyball

 

Benidorm:

I månedsskifte mars – april reiser volleyballinja på treningsopphald i Costa Blanca. Der skal vi bu og trene på Move Your Association. Vi skal få oppleve – og lære av – den spanske treningskulturensom har prega all internasjonal ballidrett i ei årrekke. Linja reiser saman med Beach og Volleyball

 

"The Sunnfjord Spirit"

«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Styrke og skadeforebyggjandetrening

Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.

Dersom du har erfaring på høgt nivå

Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Frida Skjelvik Aune
Frida Skjelvik Aune2

«Volleyballinjen på Sunnfjord er et skikkelig godt miljø hvor du både får utviklet deg som volleyballspiller og blir kjent med mange fantastiske mennesker. Det er et sted man får venner for livet».

Danny Pham
Danny Pham 2

"Mine to år på volleyballlinja på Sunnfjord FHS har vært svært givende. Her har jeg fått utviklet meg veldig som volleyballspiller og fått gode venner på og utenfor banen. De har dyktige og flinke lærere som gir tett oppfølgning når det gjelder trening, trivsel og egne mål. Den gode Sunnfjord spiriten er det jeg savner mest og noe jeg unner alle".

Renate Sandnes
Renate Sandnes2

«Jeg lærte mye om teknikk, samspill og det å gjøre hverandre gode! Jeg opplevde utvikling både som volleyballspiller og som menneske. Å være en del av The Sunnfjord Family er noe alle burde oppleve! Året på Sunnfjord har betydd mye for meg».