E-sport Aktiv

Bli betre i e-sport, og får du ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening, sandvolleyball m.m. Vi jobber saman for å bli betre ved analyse og kritisk tenking. Studietur til Dreamhack Winter og Sri Lanka.

Vil du utfordre deg sjølv innanfor e-sport, eller berre bli betre? Det tek tid og innsats. Likevel vil du vere med å knuse alle myter om at gamer-folket er skjermvrak som ikkje har eit anna liv. Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute. Vi har dessutan Norges finaste sandhall for alle slag sandsportar, og vi har 12 meters klatrevegg. Nemnte vi unike naturforhold?

E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet.

Vi er ein sports- og idrettskule

Sunnfjord Folkehøgskole har en lang tradisjon i konkuranseidrettar med Norges mestvinnende volleyballag blant folkehøgskular i NM for Vidaregåande skular. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar.

Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for gaming og E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig om du er challenger eller bronze. Viktigast er at du har lyst til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv på alle plan.

Skulen har også ei fotolinje som driv med videoredigering. Gjennom eit samarbeid med denne linja vil vi kunne tilby god oppfølgjing og kurs innanfor videoredigering. Så hvis du vil skape heftige youtube-filmar, vil du kunne få gjere dette i løpet av året. Alle elevar ved E-sport Aktiv vil også få tilgang på avansert videoredigeringsprogram (Adobe) gjennom skolen.

På linja vil vi hente inn personar med spisskompetanse i ulike spel for at du skal få ekstra gode inputs. Så om du speler Overwatch, League of Legends, CS:GO eller Heartstone, vil du til ei viss grad få tilrettelagt undervisning.

Fokuset på linja vil hovudsakleg vere på å lære å sjølv bli betre, og hjelpe kvarandre. Av vitenskaplege læringsmetodar er det å lære bort eit av dei beste måtane å sjølv bli betre. Gjennom analyse av eige og andre sitt spel vil vi difor utvikle oss som spelarar og lagkameratar.

Studieturar

Vi reiser ikkje på lange utanlandsturar på linja, utanom ein fellestur til Sri Lanka som du kan melde deg på etter at skuleåret har begynt. Sri Lanka er fleire år kåra til verdas beste reisedestinasjon!

Linjeturane vil vere til Dreamhack Winter i Jönköping og nokre små-LAN rundt om i nærområdet. Desse turane vil bli bestemt av deg og dine klassekameratar.

Skulen har både oppvarma sandhall med klatrevegg, gymsal og styrkerom. På E-Sport Aktiv vil vi bruke dette aktivt i undervisninga. Vi ser i større og større grad at fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane. Vi skal trene på treningsstudio, der vil du få hjelp til å lage eit treningsprogram som passar til deg. Vi skal også prøve oss i klatreveggen og ha ulike idrettar og aktivitetar i sandhallen.

Utstyr skulen stiller med:

  • Gamingdesk
  • Gamingstol
  • Dedikert streamingmaskin m/utstyr
  • Fiber med kabla tilkopling
  • Ethernetkabel

Utstyr du må ta med sjølv:

  • Datamaskin + skjerm (Hvis du treng å kjøpe, har skulen avtale med leverandør av utstyr med gode studentrabattar.
  • Tilbehør (F.eks headset, mikrofon, tastatur, mus)

Besøk linjesida vår på www.folkehøgskole.no. I priskalkulatoren ligg alle valmuligheiter inne, og du får ein korrekt pris der alt er inkludert. Prisen er ulik på linjene fordi dei har forskjellige turar og krav til utstyr. På enkelte linjer er det ein frivillig utanlandstur, du kan oppgradere rommet, vere med på spesielle valfag m.m.

Husk å merke av for stipend og evt studielån!

Du finn utfyllande informasjon på Pris-sida.

Fakta om linja

  • Forskjellige dataspel
  • gaming
  • variert idrett
  • treningsstudio

Linjelærar

Tor Emil Foslid

Tor Emil Foslid

Tor Emil er 29 år, er over 2 meter høg og spelar volleyball. Interessa for speling kom då han og brødrene fekk Nintendo 64 på 90-talet. Det blei gradvis mindre utetid og mer innetid. Etter kvart fekk også familien ein Windows 95-maskin og nokre enkle dataspel. I all ettertid har dataspeling vore ei interesse og ein hobby for Tor Emil. Sjølv om det i ein periode rundt VGS var ein usunn hobby. I 2008 flytta Tor Emil til Førde og begynte på Sunnfjord Folkehøgskule som elev på Sport and Adventure-linjen. Dette var så spennande at han like greitt tok eit år til etter at det første var over, denne gongen på volleyballinja. Her tok han saman med laget gull i NM. 5 år seinere bar det tilbake til Førde fordi kjærasten hadde fått jobb i byen. Dei siste 4 åra har han jobba som vikar på Sunnfjord, mest på volleyballinja. Denne kunnskapen kjem godt med når han skal begi seg ut på eventyret som er E-Sport Aktiv.
+47 48182428
toremil@sunnfjord.fhs.no

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.