Musikal og foreldredag

Kardemomme By for fulle hus!

Fredag 9. februar gjekk årets musikal av stabelen. I år var det Kardemomme By som var tema, noko som fall i smak for både store og små. Alle dei over 600 billettane i det lokale kulturhuset, Førdehuset, vart selt. Dette var sjølvsagt ei stor oppleving for både elevar, tilsette og ikkje minst for dei mange foreldra som hadde tatt turen for å sjå på. 

Det har vore tradisjon i mange år på Sunnfjord å kombinere musikalen med foreldredag. Med å gjere det slik kan elevane få vise fram litt av det dei gjer på i kvardagen. Alle elevane var med i ulike roller. Om dei ikkje var på scena, bidrog dei då bak scena med scenogragi, eller med lyd og lys. 

Ein fantastisk innsats a v alle! Stor takk til Anders A. Nydal som har hatt ansvar for regi og Erlend Os som har stått for  musikk.