Volleyballturnering på nordvestlandet!

 

Kvart år samlar folkehøgskulane Sunnfjord, Nordfjord, Sjøholt, Nordvestlandet, Molde, Ålesund og Sunnmøre seg til turneringar i fotball og volleyball. Fotballturneringa er som regel før jul, medan volleyballturneringa er på våren. Turneringane blir arrangert av dei ulike skulane kvar sin gong. I år var det oss på Sunnfjord Folkehøgskule som hadde æra av å få arrangere volleyballturneringa. Dermed var det duka for at ca 80 tilreisande, både spelarar og lagleiarar blei kvartert inn på skulen for mat, elevkveld, sosialt og ikkje minst volleyball! Vi er heldige som har Førdehuset eit steinkast unda, der det er svært gode fasilitetar for både spelarar og tilskodarar. 

Like viktig som volleyball er nordvestvcup ein arena for å skape sosiale nettverk på tvers av skulane. Det å kunne bli kjent med andre, og eit bli ein del av eit endå større fellesskap er svært viktig. Kanskje eit av høgdepunkta var elevkvelden, der Sunnfjord-elevane bydde på seg sjølv?

 

Takk til alle som kom og bidrpg til at tureringa nok ein gong vart ei fin oppleving for alle som var med, både på og utanfor bana!