Jubilantstemne for 2025 blir 24.mai

Å møtast att har en stor verdi. Gamle vennskap kan friskast opp att, og ei felles fortid kan binde folk sterkare saman. Jubilantane er også viktige for Sunnfjord Folkehøgskule.

Vi trur at tidlegare elevar kan vere med å snakke fint om skulen, slik at borna eller borneborna får lyst til å søke seg hit. Vi har mange døme på generasjonar som har gått igjen.

Datoen for jubilantstemne for 2025 blir laurdag 24. Mai!

Desse kulla er jubilantar i 2025:

Sjå bileta nedst på sida!

65 år: 1959/60
60 år: 1964/65
50 år: 1974/75
40 år: 1984/85
30 år: 1994/95
20 år: 2004/05

I tillegg er vi imøtekomande overfor enkeltelevar som er eldre enn desse som har lyst og høve til å vere med.

Korleis kan vi nå ut med informasjon

Skulen har ikkje oppdatert kontaktinformasjon som kan brukast til å sende ut invitasjonar i posten eller på epost. I alle fall ikkje for dei eldste.

Vi oppfordrar alle elevkulla til å bruke Facebook-grupper eller på annen måte ta kontakt med kvarandre slik at flest mogleg kan møtast her ved skulen.

Skulen treng hjelp

Skulen arbeider med å kome i kontakt med nokon som kan ta ansvaret for å ta kontakt med elevane på sitt kull og ta opp påmeldingar. Dette blir gjort no på våren. Ta gjerne kontakt med skulen om du er ein av dei som kan bidra!

Desse vil få tilsendt namnelister etter behov med det vi har av informasjon frå den tida dei gjekk her.

Viktig at mange kjem

Kvart år opplever vi at mange frå kulla ikkje kjem, ta difor DEN telefonen og få med deg dei DU vil treffe på jubilantstemnet! Det er lett å bli skuffa dersom ein har reist langt og ikkje møter så mange som ein trudde.

Har du endra navn, adresse, epost eller telefonnummer, så send oss gjerne ei melding om dette. Bruk kontor@sunnfjord.fhs.no til det.

Vi oppfordrar også til å sette av tid til å vere her utover dagen.
Skulen stiller lokale til disposisjon slik at de kan nytte laurdagskvelden sammen og mimre tilbake til skuletida så lenge de ynskjer.

Påmelding og frist: 

Skulen kan tilby overnatting, inkludert frukost 23-25.mai. Om du ynskjer overnatting treng vi navn, telefonnummer, adresse, type rom(enkelt - dobbelt).

Prisar: Blir publisert i januar 2025.

 

Påmeldinga  innan 1.mai. Send epost til kontor@sunnfjord.fhs.no eller ring 90011881

 

 

Program

12:00 Lunsj i matsalen
13:00 Betaling i resepsjonen
14:00 Program I auditoriet: Blir publisert i januar 2025
15:30 Middag i matsalen
17:00 Kullvis samling, kaffe og kaker. Fotografering av kulla.
18:00 Servering slutt