Jubilantstemne for 2024 blir 25.mai

Å møtast att har ein stor verdi. Gamle vennskap kan friskast opp att, og ei felles fortid kan binde folk sterkare saman. Jubilantane er også viktige for Sunnfjord Folkehøgskule.

Vi trur at tidlegare elevar kan vere med å snakke fint om skulen, slik at borna eller borneborna får lyst til å søke seg hit. Vi har mange døme på generasjonar som har gått igjen.

Datoen for jubilantstemne for 2024 blir laurdag 25. mai!

Desse kulla er jubilantar i 2024:

Sjå bileta nedst på sida!

65 år: 1958/59

60 år: 1963/64

50 år: 1973/74

40 år: 1984/84

30 år: 1993/94

I tillegg er vi imøtekomande overfor enkeltelevar som er eldre enn desse som har lyst og høve til å vere med.

Korleis kan vi nå ut med informasjon

Skulen har ikkje oppdatert kontaktinformasjon som kan brukast til å sende ut invitasjonar i posten eller på epost. I alle fall ikkje for dei eldste.

Vi oppfordrar alle elevkulla til å bruke Facebook-grupper eller på annan måte ta kontakt med kvarandre slik at flest mogleg kan møtast her ved skulen.

Skulen treng hjelp

Skulen arbeider med å kome i kontakt med nokon som kan ta ansvaret for å ta kontakt med elevane på sitt kull og ta opp påmeldingar. Dette blir gjort no på våren. Ta gjerne kontakt med skulen om du er ein av dei som kan bidra!

Desse vil få tilsendt namnelister etter behov med det vi har av informasjon frå den tida dei gjekk her.

Viktig at mange kjem

Kvart år opplever vi at mange frå kulla ikkje kjem, ta difor DEN telefonen og få med deg dei DU vil treffe på jubilantstemnet! Det er lett å bli skuffa dersom ein har reist langt og ikkje møter så mange som ein trudde.

Har du endra namn, adresse, epost eller telefonnummer, så send oss gjerne ei melding om dette. Bruk internat@sunnfjord.fhs.no til det.

Vi oppfordrar også til å sette av tid til å vere her utover dagen.
Skulen stiller lokale til disposisjon slik at de kan nytte laurdagskvelden saman og mimre tilbake til skuletida så lenge de ynskjer.

Påmelding og frist: 

Skulen kan tilby overnatting, inkludert frukost 24-26.mai. Om du ynskjer overnatting treng vi namn, telefonnummer, adresse, type rom(enkelt - dobbelt). 

Prisar:

Enkeltrom, delt bad 

765,- 

Enkeltrom med bad 

990,- 

2 sengsrom, delt bad 

1045,- 

2 sengsrom med bad 

1265,- 

 

Påmeldinga  innan 1.mai. Send epost til internat@sunnfjord.fhs.no eller ring 40521055.

 

 

Program

12.00 Lunsj

13:00 Program i auditoriet. Orientering om skulen. Allsang

Etter programmet blir det omvising på skulen for dei som ynskjer det i Hortentun, Haavetun og Firdatun.

Etter omvisinga samlast jubilantkulla på eigne rom der kulla sjølve styrer dagsorden. Det blir servert kaffi, te og kaker. Det blir tilbød om fotografering av kullet.

Ca 18.00 (eller når kulla bestemmer det:) Slutt

Prisar

Pris for arrangementet er kr 450,-

Ein betaler med kort eller Vipps i resepsjonen ved ankomst.

1991 1992 2048X1447
1981 1982 2048X1447
1971 1972 2048X1448
61 62 2048X1535
56 57 2048X1569