23.april var datoen for det årlege globalløpet på Sunnfjord Folkehøgskule. Nok ein gong hadde globalkomiteen gjort ein eineståande jobb med førebuingane, slik at dagen blei ein stor suksess. Før løpet var det stor spenning knytt til om ein kunne klare å samle inn meir pengar enn året før. Løpet blei arrangert i Hafstadparken og gjekk ut på at elevane skulle springe så mange rundar rundt den 400 meter lange løypa dei kunne klare på 60 minutt. På førehand hadde alle elevane ringt rundt til vener og kjende for å få dei til å sponse anten eit bestemt beløp, eller per runde som blei sprunge. Oppsummert sprang elevane inn fantastiske 90.000,-. Pengane går utelukkande til globalkomiteen sitt arbeid på Sri Lanka
Årets globalløp samla inn 90.000,-
Globalløp til inntekt for globalprosjektet vårt.