Valfag

Dette er eksempel på valfag vi har hatt i det siste. Vi kan ikkje garantere for at alle desse faga blir sette i gong komande år.

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Skulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

For den som liker å synge. Har viktig funksjon i musikalen.

Jobbar fram imot musikaloppsettinga.

To personar som styrer droneDu kan lære å ta gode bilete, behandle dei digitalt og printe. Du kan også lære elementær droneflyging, vår lærar har dronesertifikat.

Du kan lære å ta bilete i svartkvitt på film på «gamlemåten». Skulen har mørkerom.

Vi diskuterer aktuelle saker med bakgrunn i filmdokumentar.

Å sette seg inn i viktige politiske saker. Du får diskutere standpunkta dine med dei andre.

Begynnaropplæring i pianospel.

Vi har nytt treningssenter. Lær å trene effektivt og riktig for å unngå feilbelastning.

Vi har av og til valfag for posisjonsspel, kun for dei som går på volleyballinja.

Foto: Ingrid Marie Nygård

Lær å lage mat ute på tur. Meir spennande enn nistepakke!

Strikking er ein gammal handverkstradisjon som står sterkt i norks kultur. Nyttig å kunne lage sine eigne sokkar!

Gymsalen har fått nytt golv etter at dette bildet blei tatt.

Lær å spele volleyball på mosjonsnivå! For dei som ikkje går på volleyballinja.

Foto: Ingrid Marie Nygård

Kortare fjellturar i nærleiken av skulen. Vi bur midt i det beste turterrenget!

Varierte ballspel som passar for alle.

Vi har mange dyktige fag-lærarar, det gir variasjon i valfaga.

Du kan velje for å få større breidde i fagplanen din, eller du kan velje fag som liknar linjefaget ditt for å spesialisere deg.

Du vel valfag to eller tre gonger i løpet av året.

Her ligg vi

Sunnfjord Folkehøgskule

Solvang 3
6810 Førde

Følg oss

Følg vår side på Facebook,
og sjå meir av livet på skulen.