Tor Emil har vore lærar på Sunnfjord sidan 2016. Han er utdanna innan idrett og historie. Han har lang spelar- og trenarerfaring og har spelt for ulike klubbar i 1.divisjon og eliteserien.
Volleyball GUTAR haust
Vil du spele volleyball? Hos oss skal du få trene kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring saman med andre.
På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.
Kven passar volleyballinja for?
Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.
Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.
Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Fotograf Nigel Boyce:
«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.
Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.
Jeg vil påstå at et år på volleyballinjen ved Sunnfjord vil gi enhver spiller en rik erfaring å ta med seg videre. Jeg fikk testet ferdighetene mine og lærte ny teknikk, øvelser og kommunikasjonsformer. Trenerne viser dyp kunnskap om sporten og veileder deg til å bli en dyktig spiller. Jeg vil anbefale alle et år med den unike Sunnfjord spiriten; dette er nok det man savner mest etter et år i vakre Vestlandet!
Sunnfjord volleyball har gitt meg to år jeg aldri kommer til å glemme. Jeg har fått skjenne på en utvikling jeg aldri hadde sett for meg, både som spiller og person. For meg var det aldri en dag på sunnfjord hvor jeg gruet meg til å stå opp å angripe dagen når jeg viste at jeg hadde verdens beste støtteapparat aka sunnfjord famliy i ryggen.
John Sverre er lærar på volleyballinja.
Han har idrettsutdanning frå USN og NVBF si trenar 3-utdanning. Då John Sverre var aktiv, spelte han for ulike klubbar i 1.divisjon og eliteserien. Dei siste åra har han jobba på som lærar på vidergåandeskule innan idrett og kroppsøving før han i 2019 kom til Sunnfjord.
Otelie er trenarutdanna på Norges Idrettshøgskole, og tidlegare elev og stipp på Sunnfjord Folkehøgskule. Ho spelar aktivt på øvste nivå i serien.