Skulekvardagen

Linjetimar

Vi legg opp timeplanen slik at det er 14 linjetimar kvar veke. Desse er for det meste saman med klassen din. Av og til er dei ulike linjene saman på aktivitetar om det passar. 

Fellesfag

Fellesfaga utgjer 9 timar kvar veke. Desse er obligatoriske.  Undervisninga foregår i auditoriet som er godt utstyrt med audiovisuelt utstyr. Faga er Aktuelt, Kor, Tru og livssyn og Laurdagsseminar. 

Valfag

Alle elevane skal velge to ulike valfag kvar veke. Det er 3 valfagperiodar i løpet av skuleåret, med 6 veker på kvar periode. Gå inn på valfagsida for å sjå kva ulike valfag vi kan tilby!

Laurdagsseminar

Alle folkehøgskulane har undervisning dei fleste av laurdagane. Hos oss er dette lagt opp som frittstående seminar, gjerne av praktisk karakter. Det hender at vi hentar inn gjestelærarar for å arbeide med spesielle tema. I løpet av året er vi innom mange ulike tema.

Dette vil variere år for år, og denne lista er meint som døme frå dei siste skuleåra:
Førde Opp – mosjonsløp, Globalt medborgerskap, Førstehjelp, Tekstverkstad,  Natur og bærekraft, Flyktning, Yrkeskafe, Likeverd og rasisme, Spel og strategi, Motivasjon, Korrupsjon m.m.

Skule 24/7

Folkehøgskule er skule heile døgnet. Det betyr at læring skal skje også utanfor den vanlege undervsiningstida. Ein del av denne tida disponerer du sjølv, og den liknar på vanleg fritid. Andre gonger lagar elevane arrangement for alle, og skulen arrangerer ting på kveldstid som alle er med på.

 

Elevkveldar

Dei fleste laurdagskveldane er det linjene, internatgruppene, stipendiatane e.l. som har ansvar for ein underhaldningskveld. Det er obligatorisk å delta på elevkveldane.

Her er det kreativitet som gjelder!